Vurdering av framtidsutsikter

Ved årsskiftet 2025/26 fekk Konkurransetilsynet ny konkurransedirektør. Med ny leiing vidarefører tilsynet det viktige arbeidet med å vareta forventningane om aktiv handheving av konkurranselova i alle marknader, men med særleg fokus på konkurransen i den digitale økonomien, konkurranse som verkemiddel for berekraftige løysningar og konkurransen i daglegvaremarknaden. Vi vil aktivt bruke dei verktøy som vi har i konkurranselova for å fjerne hindringar for konkurranse. Det er grunn til å tro at handhevinga fører til milliardgevinstar for forbrukarane, og kan bidra til økonomisk vekst, økt sysselsetting og styrka produktivitet.

Nye heimlar for marknadsetterforsking

Stortinget har nyleg vedteke endringar i konkurranselova som gir Konkurransetilsynet heimel til å gjennomføra såkalla marknadsetterforskingar, og til å gripe inn mot tilhøve i marknaden som gjer at konkurransen er eller står i fare for å bli vesentleg avgrensa. Ein marknadsetterforsking kan vere inngripande for partane, og vi må gjere grundige førebuingar før vi tar det i bruk. Målet er at når vi først startar ei undersøking, skal den vere godt grunngjeve og gjennomførast på ein måte som faktisk vil gje betre konkurranse, samstundes som prosessen er effektiv og tek vare på rettstryggleiken til dei partane som blir involverte. No arbeider vi med å finne eigne marknader der verktøyet kan gje stor gevinst for forbrukarane. Det er sannsynleg at vi vil ta initiativ til å setje i gang  marknadsetterforsking i 2026.

Overføring av Daglegvaretilsynet til Konkurransetilsynet

Ved årsskiftet vart det også vedteke å leggje ned Daglegvaretilsynet og overføre ansvaret for å handheve lov om god handelsskikk til Konkurransetilsynet. Tilsynet vil arbeide for at nye medarbeidarar blir godt tekne imot og integrerte i organisasjonen. Samstundes må tilsynet posisjonere seg slik at forventningane frå styresmaktene, næringslivet og forbrukarar blir ivaretatt på beste vis. I dette arbeidet vil tilsynet byggje på både Daglegvaretilsynets erfaringar over dei siste årene og på erfaringar frå handhevinga av EU-direktivet for urimeleg handelspraksis (UTP) i nabolanda våre.

Styrkt internasjonalt samarbeid

Med dagens globale usikkerheit blir det endå viktigare enn før for Konkurransetilsynet å arbeide for å styrkje våre internasjonale samarbeid. For tilsynet betyr dette blant anna tettare samhandling med EU og andre nasjonale konkurransestyresmakter. Dei nordiske styresmaktene er godt integrerte i eit institusjonelt og operativt samarbeid . Framover blir det ekstra viktig å  styrkje integrasjonen mot andre konkurransestyresmakter i EU.

Med dagens verdsbilde får strategisk viktige sektorar meir merksemd, og behovet for robuste forsyningskjeder står sentralt. Velfungerande konkurranse er ofte ein føresetnad i denne samanheng. OECD har oppdatert si tilråding for fusjonskontroll, og EU jobbar med å oppdatere retningslinjene sine. Vi følgjer dette arbeidet nøye, og vil leggje vekt på desse signala i vår eigen fusjonskontroll.

Fusjonskontroll som førstelinjeforsvar

Her heime vil fusjonskontrollen fortsette å vere Konkurransetilsynets førstelinjeforsvar. Ved å føre effektivt tilsyn med fusjonar hindrar vi at konsentrerte marknader oppstår, noko som kan redusere behovet for ressurskrevjande etterforsking av aktørar og marknader.  Ein slik tilnærming er derfor effektiv, både for bedrifter, forbrukarar og oss som konkurransemyndigheit.

Digitale marknader og kompetansebygging

Konkurransen i digitale marknader har vore i Konkurransetilsynets søkelys over tid. I 2025 starta vi etterforsking i ein digital plattformmarknad, ei sak som framleis går føre seg. Samtidig ser vi at nærast alle type marknader har eit digitalt preg. I tida framover vil digitale problemstillingar derfor fortsette å vere aktuelle. Vi jobbar vidare for å forstå korleis digitaliseringa påverkar dei økonomiske- og rettslege vurderingane i konkurransesaker. For tilsynet blir det også viktig å byggje meir kompetanse, ta i bruk nye metodar for å avdekke ulovlege samarbeid og utnytte moglegheitene kunstig intelligens gir. I denne konteksten er også internasjonalt samarbeid avgjerande, mellom anna knytt til arbeidet rundt digital lovgiving (DMA).

Konkurranse og den grøne omstillinga

Den grøne omstillinga er ei viktig utfordring for samfunnet. Grøn omstilling er ikkje ein trussel for næringslivet, men tvert imot ein føresetnad for at verksemder skal oppretthalde og styrkje sin konkurranseevne i framtida. Velfungerande konkurranse støttar opp under det grøne skiftet. Samarbeid om berekraftige løysningar kan ha både positive og negative verkingar for konkurransen. Det er næringslivets ansvar å halde seg innanfor konkurranselova, men for tilsynet er det også viktig å vere på plass med god rettleiing om når bærekraftsamarbeid kan vere positive for konkurransen, og når ein kan står ovanfor samarbeid som tilsynelatande er motivert ut frå grøne målsetjingar, men som i realiteten avgrensar konkurransen til skade for forbrukarane.

Forslag til endringar i konkurranselova

I desember 2025 vart det presentert ei offentleg utgreiing (NOU 2025:11) med forslag til endringar i konkurranselova. Utvalet har gjort eit grundig arbeid og leverer ei rekkje forslag til å betre konkurranselova, raskare og betre handheving, og bringe lova meir i samsvar med den konkurransepolitiske utviklinga i EU/EØS. Konkurransetilsynet vil vurdere alle forslag frå utvalet nøye, og levere synspunkta sine på føreslegne tiltak i ei eiga høyringsfråsegn innan fristen 27. mars 2026.

Ressursbehov og framtidige utfordringar

Samla sett vurderer Konkurransetilsynet si evne til å nå fastsette mål og levere forventa resultat på lengre sikt som i hovudsak god. Samstundes ser tilsynet at nye handhevingsoppgåver og inngrepsheimlar saman med fleire, viktige utredningsoppgåver og ein klar tendens til at tilsynet blir utfordra rettsleg gjennom klagar og søksmål i alle delar av saksbehandlinga, krev stadig fleire ressursar. Dette er ressursar som tilsynet per i dag ikkje har. Ambisjonane i satsinga på det digitale området må også avgrensast av tilgjengeleg ressursar. Tilsynet kan ikkje sjå andre forhold som kan hindre eller avgrense vår evne til å løyse samfunnsoppdraget på ein tilfredsstillande måte.