Introduksjon til verksemda og nøkkeltal Konkurranse er eit verkemiddel som bidreg til effektiv ressursbruk og velfungerande marknader. Forbrukarane og næringslivet får eit betre tilbod av varer og tenester, med betre kvalitet og lågare prisar. Konkurranse bidreg til at norske føretak blir meir konkurransedyktige både nasjonalt og internasjonalt. Aktiv konkurransepolitikk bidreg til omfordeling og er avgjerande for at den norske modellen for lønnsdanning skal verke etter hensikta. Samtidig endrar marknadene seg og den digitale økonomien skapar både utfordringar og moglegheiter. For Konkurransetilsynet blir det viktig å ha rett kompetanse og gode verktøy for å møte desse endringane på ein målretta måte. Konkurransetilsynets strategiplan 2022-2027 Samfunnsoppdrag Handheve konkurranselovgjevinga Konkurransetilsynet handhever konkurranselova og EØS-avtalen. Konkurranselova forbyr samarbeid mellom føretak som avgrensar konkurransen og åtferd som inneberer misbruk av dominerande stilling. Føretak må òg melde frå til tilsynet om fusjonar, oppkjøp og andre føretakssamanslutningar, og vi kan gripe inn om desse truar effektiv konkurranse. Vere ein pådrivar for konkurranse Gjennom aktiv kommunikasjon og engasjement i offentlegheita fremjar vi forståinga av korleis velfungerande marknader bidreg til økonomisk vekst og velferd. Vi identifiserer og adresserer barrierar for konkurranse i offentlege ordningar og reguleringar, og kjem med forslag som styrkar konkurransen. Strategi 2022-2027 Vi har tre strategiske hovudmål for perioden 2022-2027, med tilhøyrande delmål og særlege satsingsområde i eit treårsperspektiv. Figuren gir eit oversyn over strategiplanen. Årsrapporten viser korleis vi i 2025 har arbeidd mot desse måla, korleis våre aktivitetar har styrka konkurransen og bidrege til meir rettferdig konkurranse i samfunnet. Organisering og leiing Du finn bilete og informasjon om leiinga på pressesida vår. Daglegvaretilsynet I desember 2025 fatta Stortinget vedtak om å leggje ned Daglegvaretilsynet og overføre ansvaret for handhevinga av lov om god handelskikk i daglegvarekjeda til Konkurransetilsynet. Tilsynet skal vidareføre arbeidet med handheving av lova i samsvar med gjeldande mål og prioriteringar. Overføringa trer i kraft 1. mai 2026. Overordna departement og klageorgan Konkurransetilsynet er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Tilsynet handhevar konkurranselova, men kan ikkje instruerast av departementet i enkeltsaker. Konkurranseklagenemnda er det uavhengige organet for handsaming av klager på vedtak og avgjerder frå tilsynet. Dette gjeld ikkje vedtak som er fatta etter pristiltakslova. Nøkkeltal frå årsrekneskapen Nøkkeltala i tabellane og diagrammet nedanfor er utarbeidde i tråd med mål frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Konkurransetilsynet har ingen inntektsgivande verksemd. Utførte årsverk Utførte årsverk 2023 2024 2025 87,7 87,4 86,4 Samla tildeling (NOK) Samla tildeling (NOK) 2023 2024 2025 136 893 000 142 992 000 147 737 000 Driftsutgifter Driftsutgifter (NOK) 2023 2024 2025 133 201 728 140 361 825 145 313 730 Utnyttingsgrad av tildeling Utnyttingsgrad av tildeling 2023 2024 2025 97,4% 98,2% 99,3%* *inkl. avgitte belastningsfullmakter. Sjå note B i rekneskapen for ytterlegare informasjon. Refusjonar lønn Refusjonar lønn (NOK) 2023 2024 2025 2 645 777 1 566 383 1 763 089 Lønnsdel driftsutgiftar Lønnsdel driftsutgiftar 2023 2024 2025 74,9% 76,3% 74,3% Lønnsutgifter pr årsverk Lønnsutgifter pr årsverk 2023 2024 2025 1 136 853 1 224 718 1 249 364 Nøkkeltal etter SRS Nøkkeltal etter SRS 2024 2025 Refusjonar lønn (NOK) 1 455 836 2 093 908 Lønnsandel driftskostnader 76,8% 73,9% Lønnskostnader per årsverk (NOK) 1 240 100 1 245 793 Driftsutgifter etter art Lønn 73.9%Husleie og drift av lokaler 12.5%Andre driftsutgifter 9.9%Konsulenttenester 1.7%Reiser 1.5%Kompetanse 0.6% Årsverk Årsverk 2022 2023 2024 2025 Tal på utførte årsverk 83,75 87,70 87,46 86,39 Avtalte årsverk 98 99 97 96 Tal på tilsette 100 100 99 96 Tal på arbeidsforhold 100 101 99 96 Føretaksspesifikke nøkkeltal Tabellane nedanfor viser nøkkeltal for Konkurransetilsynets aktivitetar. Dei omfattar talet på saker tilsynet vurderer, inngrep, avgjerder og høyringsfråsegn, samt storleiken på gebyr. I del 3 av rapporten koplar vi desse tala til dei faktiske resultata og gjev meir informasjon om ressursbruk og måloppnåing. Mottekne saker 2022 2023 2024 2025 Meldingar om fusjonar og oppkjøp (§16) 151 113 151 188 Tips om konkurranseskadeleg åtferd og lovbrot (§§10/11) 328 367 455 403 Lempingssøknader 4 3 2 10 Mottekne høyringar* 128 129 144 159 *Tala for 2022-2024 blei korrigerte frå tidlegare årsrapport, der mindre variasjonar skuldast ulike søkekriterium og etterregistrering av saker. Etterforsking 2022 2023 2024 2025 Bevissikring § 25 – saker/stader 3/11* 0 1/4 2/13 Forklaringsopptak § 24 – saker/tal 1/5 4/14 1/2 2/7 *Talet er annleis frå tidlegare årsrapport, fordi bevissikring i ei sak ble dobbeltrekna. Vedtak, avgjersler og fråsegner 2022 2023 2024 2025 Forbod mot fusjonar og oppkjøp (§ 16) 0 1 1 0 Vedtak om avhjelpande tiltak (§ 16) 3* 0 0 2 Tal på meldingar om fusjonar og oppkjøp trekt av partane etter varsel om mogleg inngrep (§ 16) 0 0 1 0 Avgjersler om å ikkje gripe inn i fusjonar og oppkjøp (§ 16) 0 4 1 2 Vedtak om gebyr for lovbrot grunna konkurranseskadeleg åtferd (§§ 10/11) 1 0 1 0 Vedtak om avhjelpande tiltak (§§10/11, § 16) 0 0 0 0 Påpeiking av skadelege offentlege reguleringar (§ 9e) 10 1 0 0 Høyringsfråsegn 13 15 12 13 *Talet er annleis frå tidlegare årsrapport, fordi ei sak ble dobbeltrekna. Gebyr for lovbrot i vedtak (TNOK) 2022 2023 2024 2025 Konkurranseskadeleg åtferd 0 0 4 900 000 0 Fusjonskontroll: Brot på gjennomføringsforbod / opplysningsplikt / meldeplikt 0 0 0 0 Gå vidare til kapittel om aktivitetar og resultat → Del på:Del på facebookDel på twitterDel på epostSkriv ut