Aktivitetar og resultat

Samla vurdering av oppnådde resultat

Konkurransetilsynet sitt samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv ressursbruk i samfunnet ved å fremje konkurranse som verkemiddel. Nedanfor vurderer vi måloppnåinga i 2025 med utgangspunkt i styringsindikatorane fastsette i tildelingsbrevet. Vurderinga omfattar samanhengen mellom mål, resultat og ressursbruk, og peikar på forhold som har påverka måloppnåing gjennom året. Der det er relevant, gjer vi greie for kvifor mål eventuelt ikkje er nådde fullt ut, og kva tiltak som skal styrkje måloppnåing framover.

Styringsindikatorane er utforma for å måle om tilsynet har målretta og velfungerande prosessar. Gode prosessar bidreg til effektiv handheving over tid ved å sikre at ressursane blir nytta der dei gir størst samfunnsnytte.

Indikator: Meldingar om føretakssamanslutningar skal behandlast effektivt, med en høg del saker som blir avklart innan 25- og 70-dagersfristen.

Effektiv fusjonskontroll er særs viktig for velfungerande marknader fordi det inneber at ein hindrar strukturelle endringar i marknaden som varig avgrensar konkurransen.

Effektiv fusjonskontroll inneber at Konkurransetilsynet grip inn mot føretakssamanslutningar som i vesentleg grad vil hindre effektiv konkurranse, og at føretakssamanslutningar som ikkje er konkurranseavgrensande, blir avslutta så raskt som mogleg.

Trass i betydeleg auka saksvolum samanlikna med tidlegare år, vart 96,8 prosent av meldingane klarerte innan fyrste lovpålagde frist på 25 dagar. Nokre saker må tilsynet vurdere nærmare.

I 2025 gjennomførte Konkurransetilsynet meir omfattande undersøkingar i seks saker der det kunne ligge føre risiko for konkurranseskadelege verknader. Tre av føretakssamanslutningane blei godkjent med avhjelpande tiltak, det vil seie at det blei gjort endringar som gjorde at samanslutninga kunne gjennomførast utan at det ville hindre effektiv konkurranse i betydeleg grad.* To av sakene blei godkjent etter ei grundigare behandling innan den andre lovpålagde fristen på 70 dagar. Den siste saka er framleis til behandling.

Tilsynet gjennomfører òg evalueringar i større fusjonssaker for å sikre læring og kontinuerleg forbetring i fusjonskontrollen.

*I ei av desse sakene blei føretakssamanslutninga meldt i 2025, mens vedtaket om avhjelpande tiltak blei fatta i 2026.

Samla vurdering: Konkurransetilsynet vurderer at indikatoren for effektiv behandling av føretakssamanslutningar er godt oppfylt i 2025.


Indikator: Saker i tilsynet skal vurderast opp mot prioriteringskriteria i Konkurransetilsynet sin strategiplan. Saksbehandlinga skal innrettast slik at saker med høg venta samfunnsnytte blir prioriterte.

Alle saker i Konkurransetilsynet har blitt vurdert opp mot tilsynet sine prioriteringskriteria og strategiplan. Prioriteringsrammeverket er etablert og operativt, og blir nytta ved saksutveljing og vurdering av ressursbruk.

Saksutveljing og tidleg prioritering og avgrensing av saker blir innretta slik at ressursane blir retta mot saker med høg forventa samfunnsnytte innanfor tilgjengelege ressursar. Den forventa samfunnsnytta blir vurdert gjennom ei samla avveging av venta verknader og ressursbruk. Prioriteringsarbeidet i 2025 har vore innretta i tråd med dei strategiske satsingsområda i gjeldande strategi, mellom anna digital økonomi, berekraft og daglegvaremarknaden.

Samla vurdering: Konkurransetilsynet vurderer at måloppnåing for indikatoren er godt oppfylt i 2025.


Indikator: Gjennomføre evalueringar av prosessar i etterforskingssaker, med forslag til forbetringspunkt til framtidige saker.

Konkurransetilsynet gjennomfører ei intern evaluering av alle etterforskingssaker med sikte på å identifisere læringspunkt. I 2025 vart det gjennomført evaluering i etterforskingssaker som blei avslutta i løpet av året. Evalueringane gir konkrete læringspunkt som blir følgde opp i pågåande og framtidige etterforskingssaker.

Tilsynet gjennomfører òg evalueringar i større fusjonssaker for å sikre læring og kontinuerleg forbetring i fusjonskontrollen.

Samla vurdering:  Konkurransetilsynet vurderer at måloppnåing for indikatoren er godt oppfylt i 2025.


Indikator: Gjennomføre tiltak for å effektivisere saksbehandling og ressursbruk.

Konkurransetilsynet har iverksett fleire tiltak for å effektivisere saksbehandling og ressursbruk. Eining for data- og analyse samarbeider med resten av verksemda om utvikling og implementering av digitale verktøy som kan redusere manuelt arbeid og frigjere kapasitet til prioriterte oppgåver. For å sikre at investeringane i digital teknologi og kunstig intelligens gir mest mogleg verdi, blir løysingane utvikla med vekt på  gjenbruk, brei forankring og tilpassa behova til medarbeidarane våre.

Det er sett i gang arbeid med å bruke digitale løysingar som kan bidra til meir effektiv datainnhenting og saksgjennomgang. Det vart mellom anna gjort tilgjengeleg verktøy for automatisk omsetjing av dokument, avskrift av lyd- og videoopptak, samt bruk av språkmodellar og maskinlæring for analyse av konkurranseforhold. Det har òg vore testa ut nye digitale støtteverktøy som kan bidra til meir effektiv oppgåveløysing og betre ressursutnytting.

Tilsynet vurderer og fortløpande korleis nasjonale felleskomponentar og gjenbruk av data i offentleg sektor kan nyttast i tråd med Nasjonal digitaliseringsstrategi for å effektivisere oppgåveløysinga. Tilsynet er kopla på fellesløysinga Tilda frå Brønnøysundregistrene og utforskar korleis tilgangen til samanhengande og oppdaterte tilsynsdata kan gje betre oversikt og meir effektiv saksbehandling.

Samla vurdering: Konkurransetilsynet har gjennomført ei fleire tiltak for å effektivisere saksbehandling og ressursbruk. Tilsynet vurderer at måloppnåing for indikatoren er akseptabel. Det er vanskeleg å måle gevinstane då dei kjem først når teknologien er meir moden og verktøya er fullt implementerte. For fleire av løysingane tek både innføring og opplæring tid. Tilgjengelege ressursar set grensar for å utnytte digitale løysingar for å effektivisere ressursbruken ytterlegare. Kapasiteten i 2025 har óg vore pressa, noko som òg har påverka tempoet i arbeidet. I 2026 vil tilsynet halde frem med vidare testing, skalering og forbetring av tiltaka, styrkje opplæring og sikre betre gevinstrealisering.


Indikator: Kartleggje effektar av Konkurransetilsynet sitt arbeid, mellom anna gjennom brukarundersøkingar mellom relevante aktørar.

I 2025 starta Konkurransetilsynet førebuande arbeid med ei ny brukarundersøking med sikte på gjennomføring i 2026. Arbeidet omfattar mellom anna avklaring av metodisk grunnlag og målgrupper. I 2026 vil tilsynet også publisere ein rapport som visar effektar av handhevinga.

Elles har tilsynet delteke i relevante internasjonale forum, inkludert ICN og OECD, der tema som ex-post evaluering, konkurransemyndigheiters effektivitet, forbrukargevinstar og metodar for effektmåling har stått sentralt. I september 2025 arrangerte tilsynet eit nordisk møte i Bergen med ein eigen sesjon om evaluering av handhevingsarbeid. Innsikta frå desse aktivitetane blir nytta til å vidareutvikle tilsynet sitt kunnskapsgrunnlag og metodar for å vurdere effektar av eige arbeid.

Samla vurdering: Konkurransetilsynet vurderer at måloppnåing for indikatoren er tilfredsstillande. Konkurransetilsynet har i 2025 har arbeida med førebuingar til å gjennomføre ein  effektevaluering. I 2026 vil tilsynet gjennomføre ein brei effektevaluering av handhevinga.


I 2025 har Konkurransetilsynet vore ein aktiv deltakar i dei formelle og uformelle forum som EØS-avtalen gir høve til. Dette omfattar deltaking i ei rekkje arbeidsgrupper og sektorvise undergrupper i det europeiske konkurransenettverket (ECN), samt deltaking på to plenarmøte og to generaldirektørmøte. Tilsynet har løpande halde Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) oppdatert om regelverksutviklinga på konkurranseområdet i EU og bidrege med faglege innspel i fleire konkrete regelverkssaker.

Tilsynet har hatt god dialog med departementet knytt til utforming av norske posisjonar i saker av regelverksrelevans. Tilsynet har òg hatt tett dialog med EFTAs overvakingsorgan (ESA) i konkrete saker og samarbeidd med dei andre EFTA-landa, mellom anna gjennom deltaking i EFTA Competition Network. Det nordiske samarbeidet står sentralt og dei nordiske konkurransestyresmaktene møtes for å drøfte aktuelle tema og samarbeider aktivt i fleire ulike nettverksgrupper.

Tilsynet har hatt tett dialog med NFD i arbeidet som norsk representant i OECD si Konkurransekomité. I 2025 har tilsynet presentert utvalde problemstillingar og erfaringar frå dei årlege møta i OECD for departementet.

Samla vurdering: Konkurransetilsynet vurderer at måloppnåing for indikatoren er godt oppfylt i 2025.

Indikator: Gjennomføre informasjons- og rettleiingstiltak om konkurransereglane.

Konkurransetilsynet har i 2025 gjennomført ei rekkje informasjons- og rettleiingstiltak retta mot næringslivet og andre relevante målgrupper. Tilsynet nyttar mellom anna kronikkar, rapportar, podkast, sosiale medier, høyringsfråsegn, webinar, redaksjonelle innsal, pressemeldingar og føredrag. I tillegg gir tilsynet rettleiing gjennom innhald på konkurransetilsynet.no og direkte rettleiing frå saksbehandlar på telefon og i møte.

Hausten 2025 starta tilsynet ein informasjonskampanje retta mot innkjøparar i offentleg og privat sektor i samband med OECD sine oppdaterte retningslinjer mot ulovleg anbodssamarbeid. Kampanjen har som mål å auke kunnskapen og vaktsemda rundt korleis ulovleg samarbeid i anbodskonkurransar kan avdekkast og førebyggjast, samt bidra til fleire tips om moglege ulovlege samarbeid. Kampanjen gjennomførast i samarbeid med DFØ og held fram i 2026.

I 2025 starta tilsynet planlegginga av ein informasjonskampanje om konkurransenøytralitet i norske kommunar. Arbeidet skjer i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet. Bakgrunnen er OECD si anbefaling om konkurransenøytralitet og regjeringa sine eigarskapsprinsipp, som slår fast at statleg eller offentleg eigarskap ikkje skal gje urimelege fordelar eller ulemper i konkurransen. Tilsynet ønskjer å auke kunnskapen om prinsippet om at offentlege og private verksemder skal ha like konkurransevilkår. Hovudmålgruppa for kampanjen er kommuneleiarar, men informasjonsmaterialet som er laga er og nyttig for verksemdsleiarar, innkjøparar, anskaffingsrådgjevarar, juristar og økonomi- og rekneskapsmedarbeidarar og politikarar i kommunane.

Statistikken under resultatkjeda under overskriften Anna arbeid: Pådrivar, viser at informasjons- og rettleiingstiltaka i 2025 har nådd breie målgrupper gjennom fleire kanalar.

Samla vurdering: Konkurransetilsynet vurderer at måloppnåing for indikatoren er godt oppfylt i 2025.


Indikator: Kartleggje og dokumentere god kjennskap til Konkurransetilsynet sitt arbeid og konkurranselova blant ulike målgrupper.

I tillegg til førebuinga av ei kvantitativ brukarundersøking som skal gjennomførast i 2026, gjennomfører Konkurransetilsynet fleire former for kvalitativt innsiktsarbeid. Tilsynet har jamlege dialogmøte med Advokatforeininga sitt lovutval for Europa- og konkurranserett, der føremålet er å ha ein generell tilbakemeldingsdialog knytt til tilsynets arbeid. Denne dialogen gir innsikt i korleis aktørar som regelmessig har dialog med tilsynet oppfattar saksbehandlingsprosessane, og er eit høve til å komme med innspel til forbetringar. Møtet som vart planlagt i 2025 blei utsett til 2026 grunna tilsetjing av ny konkurransedirektør.

Tilsynet har også jamleg dialog med representantar frå Konkurranseklagenemnda og Klagenemndssekretariatet for utveksling av generelle erfaringar frå ulike klageprosessar og felles utfordringar med omsyn til regelverk. Dette gir nyttige perspektiv som begge organ tek med vidare i sitt arbeid.
I samband med utvikling av nye nettsider har tilsynet gjennomført ein større innsiktsanalyse for å forstå kven brukarane til konkurransetilsynet.no er, og korleis dei nyttar nettsida. Det er mellom anna gjort djupneintervju med einskilde advokatar, offentlege innkjøparar, bedriftsleiarar i små og mellomstore verksemder. Målet er å utvikle ei meir brukarvennleg digital plattform.

I tillegg arrangerer tilsynet årleg ein konferanse i konkurranserett, og deltek på sentrale fag- og innkjøpskonferansar som JUS sin årlege konkurranserettskonferanse, KOFA-konferansen, NHH sin årlege FOOD-konferanse og DFØ sin anskaffingskonferanse. Desse arenaene gir innsikt i ulike synspunkt frå næringslivet og offentleg sektor, og gir høve til å formidle kunnskap om tilsynet sitt arbeid og rolla ulike aktørar kan spele i å avdekkje ulovleg samarbeid.

Samla vurdering: Konkurransetilsynet vurderer at måloppnåing for indikatoren er godt oppfylt i 2025.

Indikator: Ha system, rutinar og internkontroll med sikte på å legge til rette for ei effektiv drift.

Konkurransetilsynet arbeider med å vidareutvikle system, rutinar og internkontroll som legg til rette for ei effektiv og trygg drift. Dette krev ei balansering mellom effektivitet og krav til informasjonstryggleik samt personvern og regelverk. Tilsynet har som mål å nytte planleggings- og styringsverktøy for å betre arbeidsflyt og ressursstyring. Leiaropplæring på fleire nivå blir vidareført for å styrkje styringskompetanse og kvalitet i saksbehandlinga.

Vurderingane og tiltaka byggjer på den etablerte internkontrollen som er dokumentert gjennom retningslinjer, kontrollprosessar og regelmessig intern rapportering om økonomi og ressursbruk.

Samla vurdering: Konkurransetilsynet vurderer at måloppnåinga for indikatoren er godt oppfylt i 2025.


Indikator: Gjennomføre tiltak og vurderingar av verknadene dei har for verksemda sin effektivitet, medrekna dokumentasjon av ressursbruk.

I 2024 gjennomførte Konkurransetilsynet to større organisasjonsendringar: integreringa av etterforskingsstaben i marknadsavdelingane og etablering av eining for data og analyse. Arbeidet med vidareutvikling og implementering held fram i 2025. Tiltaka er innretta mot å styrkje kapasitet, kompetanseflyt og ressursutnyttinga i saksbehandlinga. Vidareutvikling av arbeidsmåtar og prosessar vil gje gradvise effektar over tid, men ambisjonane i satsinga må reflektere tilgjengelege ressursar.

Tilsynet vil evaluere verknadene av organisasjonsendringa i 2026. Effektivitet og ressursbruk vil vere ein del av denne evalueringa.

Samla vurdering: Sjølv om evaluering av verknadene av den gjennomførte organisasjonsendringa først vil skje i 2026, vurderer Konkurransetilsynet at måloppnåinga for indikatoren er rimeleg godt oppfylt i 2025.

Resultat i handhevinga

Vi overvaker alle typar marknader og kan starte undersøkingar på grunnlag av eigne funn, klagar, tips, eller søknader om lemping (amnesti) frå føretak som rapporterer om eigne ulovlege handlingar. På nettsida vår kan ein tipse oss anonymt og sikkert. Vi har teieplikt om identiteten til tipsarar, både under og etter ei eventuell etterforsking.

For å styrkje kunnskapen om kartell og førebyggje ulovleg samarbeid, formidlar vi informasjon om dette gjennom fleire kanalar.

I oktober 2025 publiserte vi ein episode av Konkurransepodden om kartell mellom bilprodusentar. I episoden tok vi for oss tre kartellsakar i bilindustrien og viste korleis slike samarbeid kan ramme både kundar og miljø, og korleis konkurranselova skal verne forbrukarane.

Revisorar og andre rådgjevarar kan spele ei viktig rolle i å førebyggje og avdekkje brot på konkurranselova. I desember 2025 publiserte vi ein kronikk retta mot revisorar, der vi peika på typiske teikn på ulovleg samarbeid og gav råd om kva ein bør vere merksam på i møte med kundar.

Pågåande etterforskingar

Her finn du oversikt over alle pågåande og avslutta etterforskingar.

Konkurransetilsynet har fleire pågåande etterforskingssakar om mogleg ulovleg samarbeid. I 2025 blei det gjennomført umelde kontrollar i to nye saker der tilsynet har mistanke om ulovleg samarbeid. I den eine saka vart det gjennomført bevissikring hos fleire veterinærklinikkar og den andre saka gjeld ein digital plattformmarknad. Bevissikringane vart gjennomført etter løyve frå tingretten, og relevant materiale vart beslaglagt for vidare gjennomgang.

Etterforskinga av trafikkskular held fram i 2025 etter at det blei gjennomført bevissikring i november 2024.

Konkurransetilsynet publiserer pressemeldingar i samband med viktige milepælar i behandlinga av saker. Det gjeld mellom anna ved gjennomføring av bevissikringar og når tilsynet sender varsel og vedtak til aktørane. Merksemda kring våre etterforskingar har ein førebyggjande effekt og kan hindre ulovleg samarbeid mellom konkurrentar.

Forlenging av tiltak i drivstoffsmarknaden

Konkurransetilsynet forlenga vedtaket mot Circle K og YX Norge frå 2020 der dei forplikta seg til å ikkje publisere rettleiande listeprisar for drivstoff på sine nettsider. På grunn av ei selskapsendring i 2024 gjeld tiltaket no òg for Uno-X. Tiltaket skal motverke koordinering av prisar i ein marknad prega av få aktørar og høy gjennomsiktigheit. Tilsynet vurderte at marknadsforholda i hovudsak er uendra sidan 2020, og at utveksling av konkurransesensitiv informasjon framleis kan leggje til rette for parallelle prisauke og høgare prisar for kundane.

Avslutta etterforsking i marknaden for flyttetenester

Frå 2021 etterforska Konkurransetilsynet to flyttebyrå grunna mistanke om ulovleg samarbeid. Våren 2024 varsla tilsynet gebyr til begge aktørane og pålegg om å stanse samarbeidet. Etter at aktørane kom med merknader til varsla, konkluderte tilsynet etter ei samla vurdering med å  leggje saka vekk.

Ulovleg samarbeid

Eit kartell er eit ulovleg samarbeid mellom to eller fleire føretak som eigentleg skulle ha konkurrert. I staden samarbeider dei til dømes om prisar, delar marknader mellom seg, utvekslar informasjon dei ikkje skal, eller avgrensar kor mykje dei sel eller produserer. Slike samarbeid skadar konkurransen og kan føre til høgare prisar for forbrukarane. Konkurranselova § 10 forbyr samarbeid mellom konkurrentar som har til formål eller verknad å avgrense konkurransen. Å avdekke kartell og handheve reglane mot ulovleg samarbeid er eitt av Konkurransetilsynet sine hovudoppdrag.

Resultatkjede knytt til Konkurransetilsynet sitt arbeid med kartellavdekking og ulovleg samarbeid


INNSATSFAKTORAR

  • Ressursar frå alle marknadsavdelingar og stabar
  • Tips og lempingssøknader

AKTIVITETAR

  • Behandling av søknader om lempning.
  • Pågåande etterforsking mot aktørar i marknaden for trafikkskular.
  • Bevissikring og pågåande etterforsking mot aktørar i marknaden for veterinærklinikkar.
  • Bevissikring og pågåande etterforsking mot aktørar i digital plattformmarknad.
  • Vurdering av tips om kartell og ulovleg samarbeid, inkludert digital kartellscreening.
  • Deltaking i internasjonale arbeidsgrupper om avdekking av kartell, metodar for etterforsking og meir.
  • Dialog med offentlege innkjøparar og næringslivet: informasjon om lemping og tipsordning, samt synlegheit i media.

PRODUKT/TENESTER

  • Vurdering av alle tips og behandling av lempingssøknader.
  • Forlenging av vedtak om tiltak i drivstoffmarknaden.
  • Avslutta sak i marknaden for flyttetenester.

BRUKAREFFEKTAR

  • Tovegs anonym dialog gjennom trygge kanalar for innmelding av tips og lemping gjer det lettare for verksemder, rådgjevarar og innkjøparar å melde frå om mistenkeleg åtferd.
  • Informasjonstiltak retta mot offentlege innkjøparar og næringslivsaktørar gjer fleire i stand til å kjenne teikn på kartell og handtere risiko i konkurransar og innkjøp.
  • Handheving og rettleiing bidreg til at fleire verksemder kjenner grensa mellom lovleg og ulovleg samarbeid, og i større grad tilpassar praksis for å unngå brot på konkurranselova.

SAMFUNNSEFFEKTAR

  • Når ulovleg samarbeid blir avdekt eller avskrekka, blir risikoen for overprising og vilkår som ikkje er marknadsbaserte redusert.
  • Mindre kartellverksemd gir auka konkurranse, som over tid vil føre til lågare prisar og betre utnytting av ressursar i økonomien.
  • Avskrekking bidreg til at konkurranse skjer på pris, kvalitet, utval og innovasjon av produkt/tenester, i staden for samarbeid mellom marknadsaktørane. Dei avskrekkande effektane av handhevinga er sannsynlegvis betydeleg.

Pågåande etterforskningssak

I februar 2022 gjennomførte Konkurransetilsynet bevissikring hos KLP etter mistanke om brot på § 11 og EØS-avtalen artikkel 54 om utilbørleg utnytting av dominerande stilling. Etterforskinga gjeld KLP si verksemd i marknaden for tenestepensjon, mellom anna i samband med flytting av pensjonsordningar mellom leverandørar. Formålet med bevissikringa var å avklare om verksemda si praksis har vore i samsvar med konkurransereglane.

Bevissikringa omfatta også elektroniske dokument som inneheld juridisk rådgjeving frå internadvokatar. I samband med bevissikringa oppstod spørsmål om moglegheita til å ta beslag i slike dokument. I juni 2025 avsa Gulating lagmannsrett ein orskurd der retten konkluderte med at internadvokatar er omfatta av advokatprivilegiet på same måte som eksterne advokatar, også når tilsynet etterforskar EØS-konkurransesaker. Orskurden vart ikkje anka.

Konkurranselova § 11 forbyr føretak med dominerande marknadsstilling å misbruke posisjonen sindominerande marknadsstilling. Eit føretak har ei dominerande stilling dersom det kan føre seg i marknaden utan å ta omsyn til konkurrentar, kundar eller leverandørar. Slike føretak har eit særleg ansvar for å unngå at deira åtferd hemmar konkurransen.

Resultatkjede knytt til Konkurransetilsynet si handheving av forbodet mot misbruk av dominans

INNSATSFAKTORAR

  • Ressursar frå alle marknadsavdelingar og stabar
  • Prioritering av saker etter ressursbruk og effektar


AKTIVITETAR

  • Pågåande etterforsking mot KLP i marknaden for tenestepensjon
  • Vurdering av tips, klagar og lempningssøknader knytt til mogleg misbruk av dominans

PRODUKT/TENESTER

  • Oppfølging av tips og lempningssøknader
  • Rettsavklaringa om rammene for advokatprivilegiet

BRUKAREFFEKTAR

  • Effektiv handheving bidreg til at marknadsaktørar med dominerande stilling tilpassar praksis til konkurransereglane. Dette legg til rette for at andre aktørar lettare kan konkurrere med det dominerande føretaket, og at nye aktørar kan etablere seg i marknaden.
  • Tilsynets rettleiing og synlegheit bidreg til betre forståing blant forbrukarar og verksemder for kva som utgjer ulovleg marknadsåtferd for ein aktør som har ei dominerande stilling.

SAMFUNNSEFFEKTAR

  • Effektiv handheving støttar velfungerande marknader slik at fleire aktørar kan konkurrere på like vilkår. Over tid vil dette bidra til lågare prisar, betre kvalitet, meir innovasjon og større utval av varer og tenester både for forbrukarar og aktørar.
  • Inngrep reduserer risikoen for marknadskontroll og utestenging av andre aktørar, og bidreg til meir effektiv ressursbruk i marknadane.

I juli 2025 kom det ei lovendring i konkurranselova som har gjeve Konkurransetilsynet høve til å bruke marknadsetterforsking som eit nytt verkemiddel. Dette kjem i tillegg til dei eksisterande verkemidla, og skal bidra til å styrkje evna vår til å oppfylle samfunnsoppdraget.

Marknadsetterforsking kan nyttast når det er grunn til å tru at det finst vesentlege konkurranseproblem i ein marknad, sjølv om det ikkje ligg føre brot på konkurranselova. Verkemiddelet gir høve til å gripe inn tidlegare og meir målretta enn med dei eksisterande verkemidla. Som med dei andre verkemidla skal marknadsetterforsking brukast på ein forsvarleg måte og eventuelle vedtak skal byggje på grundige vurderingar. Når val av ein  marknad blir gjort, vil avgjerda offentleggjerast og sendast på høyring. Høyringa er ein viktig del av arbeidet for å sikre ein open og transparent prosess.

Som ein del av informasjons- og rettleiingsarbeidet publiserte tilsynet ein episode av Konkurransepodden om marknadsetterforsking i juli 2025.

Tilsynet starta i 2025 arbeidet med å vurdere i kva for marknad det vil vere mest føremålstenleg å opne ei marknadsetterforsking. Vurderingane byggjer på konkurransefaglege analysar. Ei marknadsetterforsking kan gje betydelege velferdsgevinstar dersom det ligg føre vesentlege konkurranseavgrensingar men kan òg vere ressurskrevjande for aktørar i den relevante marknaden. Tilsynet vil berre opne ei gransking i marknader der det ligg føre tilstrekkeleg kunnskap om konkurranseutfordringane og der det er grunn til å tru at det er mogleg å finne tiltak som kan løyse desse utfordringane.

Erfaringar frå andre land viser at slike granskingar kan gje store gevinstar for forbrukarane. Ifølgje berekningar frå den britiske konkurransemyndigheita (CMA)* var dei årlege innsparingane for forbrukarar i perioden 2022/23–2024/25 om lag 1,7 milliardar britiske pund. Til samanlikning var direkte innsparingar frå handheving av forbodsføresegnene om lag 120 millionar britiske pund per år.

*Sjå CMA impact assessment.

Konkurransetilsynet skal forby føretakssamanslutningar som i betydeleg grad hindrar effektiv konkurranse. Om det er mogleg, kan tilsynet tillate ein transaksjon på vilkår som held oppe konkurransen slik at forbrukarane ikkje blir skadelidande.

Konkurransetilsynet fekk inn 188 meldingar om føretakssamanslutningar i 2025. Dei fleste blir avslutta innan 25 eller færre verkedagar. I 2025 varsla tilsynet mogleg inngrep i seks saker. Tre av desse sakene blei godkjent med avhjelpande tiltak og ei av sakane er framleis under behandling. Du kan lese meir om fusjonssakene våre på nettsida vår.

Schlumberger og ChampionX

I januar 2025 mottok Konkurransetilsynet melding om samanslåinga mellom Schlumberger Limited og ChampionX Corporation. Den 25. februar varsla tilsynet at inngrep kunne bli aktuelt. Tilsynet var bekymra for at oppkjøpet kunne føre til innsatsfaktorutestenging og svekkje konkurransen i marknadene for permanent brønnovervaking og retningsboring i Noreg. For å avhjelpe dette forplikta partane seg til fleire tiltak, mellom anna sal av verksemd, langsiktige leveringsforpliktingar og lisensavtalar som skal leggje til rette for konkurranse frå alternative leverandørar. Tilsynet fatta vedtak om at oppkjøpet tillatast på vilkår 26. mai. Etter at tilsynet hadde vurdert dei signerte avtalane i juli 2025, blei det konkludert med at vilkåra var oppfylte.

Infomedia og Retriever

I januar 2025 mottok Konkurransetilsynet melding om at ei samanslåing mellom Retriever og Infomedia. Meldinga kom etter at Konkurransetilsynet hadde pålagt meldeplikt i saka, sjølv om partanes omsetning var under dei lovbestemte terskelverdiane. Tilsynet varsla 12. mai 2025 om at inngrep kunne bli aktuelt, fordi var bekymra for at eit fullt samanslått selskap i vesentleg grad ville svekkje konkurransen i marknaden for medieovervakingstenester. 16. Juli 2025 godkjende tilsynet transaksjonen på vilkår om sal av Infomedia Norge til ein eigna og uavhengig kjøpar, som må godkjennast av tilsynet.

Karo Healthcare og Aco Hud Nordic

I november 2025 varsla Konkurransetilsynet om at det kunne vere aktuelt å gripe inn mot Karo sitt oppkjøp av Aco. Tilsynet var bekymra for at samanslåinga kunne avgrense konkurransen i marknaden for behandlande hudpleieprodukt, da partane blei vurdert som nære konkurrentar og etableringshindringane var høge. Karo forplikta seg til å selje retten til å marknadsføre og selje produkt under Locobase-merkevara i Norden, for å sikre vidare effektiv konkurranse i marknaden. Oppkjøpet vart godkjent i mars 2026 på desse vilkåra.

Telenor og GlobalConnect

I desember 2025 varsla Konkurransetilsynet om behov for å undersøkje nærare Telenor sitt oppkjøp av GlobalConnect si privatkundeverksemd. Tilsynet var bekymra for at oppkjøpet kan svekkje konkurransen i markanden for breibandstenester til privatkundar, der partane konkurrerer i fleire delar av landet. Tilsynet meinte òg det var naudsynt å gjere ytterlegare undersøkingar av om oppkjøpet kan gjere det vanskelegare for andre breibandsaktørar å få tilgang til Telenor sin infrastruktur og om oppkjøpet kan ha negative verknader på konkurransen om TV-tenester til privatkundar. Saka går framleis føre seg.

Fusjonssaker avslutta utan inngrep

I 2025 behandla Konkurransetilsynet to fusjonssaker som vart avslutta utan inngrep etter nærare undersøkingar. Detta gjaldt samanslåinga mellom Vy og Flytoget, samt NorgesGruppen sitt oppkjøp av Norsk Medisinaldepot. Etter grundige vurderingar av relevant marknadsinformasjon, konkluderte tilsynet med at føretakssamanslutningane ikkje i betydeleg grad ville hindre effektiv konkurranse, og sakene vart derfor avslutta utan inngrep.

Varsel om gebyr for å ha gjeve uriktige opplysningar til Konkurransetilsynet

Hausten 2025 starta Konkurransetilsynet undersøkinger av om det var gjeve uriktige opplysninger i meldinga som omhandla SLB sitt oppkjøp av ChampionX. I februar 2026 varsla tilsynet eit gebyr på 30 mill. kroner til SLB. Plikta til å gje riktige og fullstendige opplysningar til Konkurransetilsynet er grunnleggjande for at tilsynet skal kunne handheve konkurranselova, og for å kunne drive effektiv kontroll med fusjonar og oppkjøp. Potensiell skade ved å gje uriktige opplysningar er stor, ettersom tilsynet kan kome til å fatte avgjerd på feil grunnlag. Varselet er ei førebels vurdering, og selskapet har høve til å kome med sine merknader innan fristen før tilsynet fattar endeleg avgjerd.

Forbodet mot Norva24 sitt oppkjøp av Vitek Miljø vart oppretthaldt av Konkurranseklagenemnda

I slutten av januar 2025 fekk Konkurransetilsynet stadfesta eit tidlegare forbod mot oppkjøp i marknaden for tømme- og spyletenester. Konkurranseklagenemnda stadfesta tilsynets vedtak om å forby Norva24 Vest sitt oppkjøp av Vitek Miljø. Nemnda la, på same måte som Konkurransetilsynet, til grunn at oppkjøpet ville ha fjerna eit viktig konkurransepress mellom to nære konkurrentar. For å førebyggje seinare konkurranseskadelege oppkjøp i same marknad vart Norva24 Holding AS og andre selskap i konsernet frå 16. mai pålagde opplysningsplikt for fusjonar, oppkjøp og minoritetserverv.

Avslutning av fusjonssaker der Konkurransetilsynet har sendt varsel om mogleg inngrep 2020-2025

Resultatkjede fusjonskontroll

INNSATSFAKTORAR

  • Ressursar frå alle marknadsavdelingar og stabar.
  • Sakene blir prioriterte ut frå ressursbruk og effekt på marknaden.

AKTIVITETAR

  • 188 meldingar om føretakssamanslutningar mottatt.
  • Avslutta 182 meldingar om føretakssamanslutningar innan 25 verkedagar.
  • Grundigare vurdering av seks meldingar om føretakssamanslutningar
  • Påla og følgde opp opplysningsplikt i konsentrerte marknader.
  • Marknadsovervaking for å vurdere behov for pålegg av meldeplikt eller opplysningsplikt, og pålagt meldeplikt der nødvendig.

PRODUKT/TENESTER

  • Norva24 vart pålagt opplysningsplikt.
  • Føretakssamanslutninga mellom Schlumberger og ChampionX vart godkjend på vilkår.
  • Føretakssamanslutninga mellom Infomedia og Retriever vart godkjend på vilkår.
  • Føretakssamanslutninga mellom Vy og Flytoget vart avslutta utan inngrep.
  • Føretakssamanslutninga mellom NorgesGruppen og Norsk Medisinaldepot vart avslutta utan inngrep.
  • Gjennomgang av føretakssamanslutninga mellom Karo og Aco vart påbegynt i 2025 og godkjent på vilkår i 2026.
  • Gjennomgang av føretakssamanslutninga mellom Telenor og GlobalConnect vart påbegynt i 2025.

BRUKAREFFEKTAR

  • Føretaka etterlever meldeplikt og opplysningsplikt.
  • Synlegheit og moglegheit for inngrep kan føre til at føretaka revurderer eller skrinlegg planar om konkurranseskadelege fusjonar og oppkjøp.
  • Ordning med forenkla melding og raske avklaringar gjer det enklare for næringslivsaktørane å gjennomføre fusjonar og oppkjøp som ikkje skadar konkurransen.

SAMFUNNSEFFEKTAR

  • Effektiv fusjonskontroll fører til at auka marknadskonsentrasjon som hadde ført til dårleg konkurranse, blir unngått.
  • Over tid bidreg effektiv fusjonskontroll til at forbrukarar blir skåna for høgare prisar, mindre utval og mindre innovasjon som følgje av avgrensa konkurranse.

Prioriterte område

Daglegvaremarknaden er ein prioritert marknad for Konkurransetilsynet. Marknaden er prega både av høg konsentrasjon og høge etableringshindringar. Tilsynet arbeider med aktiv handheving av konkurransereglane i heile verdikjeda for mat og daglegvarer, og gir faglege råd og anbefalingar for å styrkje konkurransen i marknaden.

Det er store aktørane med sterke posisjonar både på leverandør- og kjedeledd. Desse strukturane er i stor grad stabile, mellom anna som følgje av importvernet og høge etableringskostnader som gjer det krevjande å få til nyetableringar i marknaden.

Utover handheving har Konkurransetilsynet i 2025 særleg prioritert arbeid knytt til ulike kartleggingar som gir viktig informasjon om konkurransen i marknaden. Tilsynet har óg laga ein podcast som omtaler dei ulike tiltaka som er gjennomført for å betre konkurransesituasjonen i marknaden.

Saka mot NorgesGruppen, Coop og Rema

I august 2024 vedtok tilsynet å påleggje daglegvarekjedene gebyr på til saman 4,9 milliardar kronar. Saka gjaldt kjedene sitt samarbeid om å gje kvarandre tilgang til omfattande prisinformasjon gjennom såkalla prisjegerar. Konkurransetilsynet vurderte at dette samarbeidet auka gjennomsiktigheita mellom aktørane og svekte insentiva til å konkurrere hardt på pris.

I august 2025 fekk tilsynet fullt medhald i prisjegersaka, då Konkurranseklagenemnda oppretthaldt tilsynet sitt vedtak mot kjedene for ulovleg samarbeid i strid med konkurranselova § 10 og EØS-avtalen artikkel 53. I november 2025 tok aktørane saken inn for Gulating lagmannsrett.

Kartlegging av forskjellar i innkjøpsprisar

Konkurransetilsynet har sidan 2018 kartlagt forskjellar i innkjøpsprisar mellom dei største daglegvarekjedene frå eit utval leverandørar. Kartlegginga er ein viktig del av tilsynet si oppfølging av konkurransen i daglegvaremarknaden. Kartlegginga gjort i 2025 viser at forskjellar i innkjøpsprisar mellom kjedene har blitt ytterlegare reduserte samanlikna med tidlegare år, sjølv om NorgesGruppen framleis har lågare prisar enn Coop og Rema. Kartlegginga indikerer at skilnadene i stor grad heng saman med kjedene sin forhandlingsstyrkje, volum og ulike motytingar overfor leverandørane.

Kartlegging av bruttomarginar i daglegvaremarknaden

Kartlegginga av bruttomarginar for ulike produktkategoriar som ble publisert i januar 2025 viser store skilnader i inntening mellom merkevarer og EMV. Resultata viser mellom anna at daglegvarekjedene har lågare gjennomsnittlege marginar på EMV enn på kartlagde merkevarer.

Kartlegginga viste også stor variasjon i marginane til leverandørane, og at 70 – 95 prosent av driftskostnadene var knytt til innkjøp.

Kartlegging av marknadsandelar

Kartlegginga som vert publisert i april 2025 viser at marknaden framleis er sterkt konsentrert, og at lågprissegmentet dominerer. Rema har hatt den største auken i marknadsdelar dei siste åra, medan NorgesGruppen har hatt den største reduksjonen. Det er òg store regionale skilnader i marknadsdelar mellom kjedene.

Fullstendige analyser og tal er publiserte i Daglegvarerapporten 2024.

Øvrige kartleggingar

Våren 2025 starta tilsynet arbeidet med å kartleggje bruken av eksklusive leigeavtalar som kan avgrense tilgangen til eigna lokale for konkurrentar.

Konkurransetilsynet har i 2025 også starta arbeidet med kartlegging av daglegvarekjedenes eigne merkevarer (EMV).

Overgang frå målpris til volumprismodell i meierimarknaden

Konkurransetilsynet har i 2025 følgt opp endringane i prismodellen for mjølk og vurdert konsekvensane for konkurransen i meierimarknaden. I november 2025 gav tilsynet høyringsfråsegn til Landbruks- og matdepartementet om forslaget til forskriftsfesting av avtalen mellom Landbruksdirektoratet og Tine SA. Tilsynet meiner at forslaget er eit steg i riktig retning, men at det ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar reell konkurransenøytralitet i marknaden. Etter overgangen til volumprismodell har Tine fått større kontroll over prisfastsetjinga på mjølk, noko som kan skape uvisse for konkurrentane og svekkje konkurransen i marknaden. Tilsynet har derfor etterlyst tydelegare rammer og eit styrka kontrollregime for prisfastsetjinga, innanfor rammene av internasjonalt regelverk.

Håndhevingen av lov om god handelskikk

I desember 2025 vart det vedteke å overføre ansvaret for handhevinga av lov om god handelsskikk i daglegvarekjeda til Konkurransetilsynet. Når dette gjennomførast vil det innebere ei utviding av tilsynet sitt ansvar i daglegvaremarknaden og stille nye krav til både fagleg kompetanse og organisatorisk kapasitet.

Resultatkjede for Konkurransetilsynet sitt arbeid i daglegvaremarknaden

INNSATSFAKTORAR

  • Ressursar frå marknadsavdeling for mat, handel og helse og andre einingar i tilsynet.
  • Prioritering av ressursar til å styrkje satsinga på tiltak for økt konkurranse i daglegvaremarknaden

AKTIVITETAR

  • Generell marknadsovervaking.
  • Vurderingar av fusjonsmeldingar og kontroll av at opplysnings- og meldeplikt etterlevast.
  • Møter om konkurransesituasjonen med ulike aktørar i marknaden.
  • Jamlege møter med andre relevante myndigheiter, blant anna Daglegvaretilsynet, Forbrukerrådet og Landbruksdirektoratet.
  • Høyringsfråsegner til Landbruks- og matdepartementet og til Nærings- og fiskeridepartementet.
  • Kartlegging av blant anna forskjellar i innkjøpsprisar, lønnsemd og marginar, EMV, eksklusivavtalar og marknadsdelar.

PRODUKT/TENESTER

  • Daglegvarerapport for 2024.
  • Systematisert og oppdatert kunnskapsgrunnlag om konkurransen i daglegvaremarknaden, som gjev grunnlag for handheving og oppfølging og vurdering av tiltak.
  • Dokumenterte analysar av blant anna innkjøpsprisar, marknadsdelar, eigarstrukturar og EMV.

BRUKAREFFEKTAR

  • Auka etterleving av konkurransereglane blant daglegvareaktørane.
  • Marknadsovervaking reduserer risikoen for konkurranseskadelege avtalar, ekskludering av nye aktørar og anna konkurranseavgrensande åtferd.
  • Betre kunnskapsgrunnlag blant forbrukarar og offentlege styresmakter om prisdanning og marknadsstruktur.

SAMFUNNSEFFEKTAR

  • Betre konkurranse i daglegvaremarknaden vil bidra til lågare prisar, betre kvalitet, meir innovasjon og betre utval, samt meir effektive verdikjeder og betre etableringsvilkår for nye aktørar.

Konkurransetilsynet følgjer med på korleis digitalisering, algoritmar og bruk av kunstig intelligens påverkar konkurransen i ulike marknadar. Digital utvikling kan bidra til innovasjon og effektivitet i samfunnet, men òg føre til auka marknadskonsentrasjon og auka risiko for ulovleg samarbeid.

Tilsynet vurderer nye skadehypotesar knytt til digitale forretningsmodellar, har dialog med andre konkurransemyndigheitar om handheving i den digitale økonomien, og følgjer utviklinga i europeisk regleverk. Samstundes arbeider vi med å utnytte digitale verktøy og kunstig intelligens for å styrkje eigen analyse- og handhevingskapasitet.

Data og analyse

Kunstig intelligens (KI) gir moglegheiter innanfor innovasjon og effektivisering, men kan òg påverke konkurransen. KI kan brukast til å analysere store datamengder og utvikle avanserte prisalgoritmar, noko som skapar nye utfordringar. Til døme kan lynrask deling av marknadssensitiv informasjon og bruk av sjølvlærande prisalgoritmar potensielt føre til priskoordinering utan menneskeleg innblanding. Store aktørar med tilgang til omfattande datamengder kan oppnå konkurransefordelar som gjer det vanskelegare for mindre aktørar å etablere seg.

For å møte slike utfordringar og styrkje tilsynet si analyseevne, har data- og analyseeininga i 2025 vidareutvikla digitale verktøy. Tilsynet har òg arbeidd med å integrere nye datakjelder i maskinlæringsplattforma og starta utforskinga av nasjonale fellesløysingar. I tillegg har KI blitt tatt i bruk som støtteverktøy i interne arbeidsprosessar.

Bruken av maskinlæringsplattforma gjer det mogleg å analysere store datamengder på ein trygg måte, og styrkjer tilsynet sitt evne til å identifisere mønstre, simulere marknadsåtferd og avdekkje moglege konkurransebrot,.

Handheving av konkurranselova

Konkurransetilsynet har i 2025 arbeid aktivt for å avdekkje og hindre eventuelle konkurranseproblem som kan oppstå som følgje av digitalisering.  Mellom anna gjennomførte tilsynet ei bevissikring i ein digital plattformmarknad. Saka er framleis under etterforsking.

Arbeid knytt til konkurransepolitikk

I oktober 2025 gav tilsynet høyringsfråsegn til forslaget om ny digitaltenestelov, som gjennomfører EU sin Digital Services Act (DSA) i norsk rett. Tilsynet peika på at fleire av dei føreslegne reglane, mellom anna krav om openheit i anbefalingssystem, merking av reklame og forbod mot manipulerande design, også kan bidra til betre konkurranse i digitale marknader. Tilsynet støtta lovforslaget og vurderte at reglane vil kunne styrkje både forbrukarbeskyttelsen og leggje til rette for konkurranse basert på kvalitet framfor datatilgang og marknadsmakt.

Samstundes stiller utviklinga i europeisk regelverk, mellom anna EUs KI-forordning, auka krav til ansvarleg bruk av algoritme-baserte teknologiar. Tilsynet følgjer utviklinga tett og vurderer løypande om nye teknologiar gir opphav til nye former for konkurransehindringar.

Berekraftig utvikling og konkurransepolitikk står sentralt i Konkurransetilsynet sitt arbeid. Ein effektiv konkurransepolitikk bidreg til berekraftig utvikling gjennom å stimulere til innovasjon, produktivitetsvekst og omstilling i næringslivet. Tilsynet arbeider for effektiv handheving av konkurranselova som støttar den grøne omstillinga. Vi bidreg til synlegheit og rettleiing om konkurranse og berekraft gjennom innlegg om temaet for næringsliv og andre, samt, rettleiing på tilsynets si temaside om berekraft og rettleiing på saksbehandlarnivå anten på telefon eller i møter.

Samstundes følgjer vi internasjonale initiativ innanfor EØS som er relevante for konkurransepolitikken. I 2025 har vi delteke på møte om berekraft i ECN og gjeve innspel til EU-kommisjonens høyring om nye fusjonsretningsliner der berekraft var eit einskild tema.

I april 2025 gav Konkurransetilsynet høyringssvar til Energidepartementet om forslaget til ny lov om Norgespris og straumstøtte til hushald. Tilsynet peika på at ordninga kan føre til auka straumforbruk, høgare prisar og svekte insentiv til energieffektivisering og fleksibelt forbruk. Tilsynet vurderte kontantoverføringar som eit meir effektivt omfordelingstiltak, sidan det ikkje forstyrrar prissignala i marknaden og støttar berekraftig utnytting av energiressursane.

I september 2025 gav Konkurransetilsynet høyringssvar til Klima- og miljødepartementet om rapporten «Ikke rett fram» om sirkulær økonomi. Tilsynet støtta målet om å fremje ombruk, reparasjon og resirkulering, men peika på at nye reguleringar må utformast slik at dei ikkje avgrensar konkurransen eller hemmar innovasjon. Tilsynet understreka at rigide krav kan gjere det vanskelegare for nye aktørar å etablere seg i marknaden, og føre til mindre effektiv ressursbruk. Dette gjeld særleg forslag om bransjeordningar for reparasjon av elektronikk og kvitevarer, krav til brukte bildelar, strengare krav i offentlege byggeprosjekt og regulering av avfallsmarknaden.

Anna arbeid

Konkurransetilsynet skal vere ein aktiv pådrivar for velfungerande konkurranse. Gjennom synlegheit, rettleiing og faglege innspel arbeider tilsynet for å styrkje kjennskapen til konkurransereglane og etterleving i næringslivet. Dette arbeidet skal bidra til å førebyggje konkurranseskadeleg åtferd og til at offentlege reguleringar i større grad legg til rette for velfungerande konkurranse.

Konkurransetilsynet har eit breitt spekter av pådrivar- og rettleiingsaktivitetar, noko som kjem fram i tabellen under aktivitetar nedanfor. Vi bruker ulike plattform for å nå dei ulike målgruppa våre. Målet er å auke kunnskapen om konkurranselova og fremje forståing av kva som skal til for å oppnå sunn konkurranse til det beste for samfunnet, næringsliv og forbrukarane.

Rettleiing

Konkurransetilsynet tilbyr rettleiing til ulike aktørar gjennom ulike kanalar. Det finst omfattande informasjon om konkurranselova på nettsida vår og vi svarar på generelle spørsmål via telefon, e-post og i fysiske møter. I tillegg blir det heldt foredrag og innlegg på kurs og konferansar i samarbeid med bransjeorganisasjonar og andre relevante aktørar.

Tilsynet gir generell rettleiing, informasjon om reglar og tidlegare praksis, men kan ikkje gje godkjenning på førehand i einskilde saker. Tilsynet sine vedtak inneheld omfattande juridiske og økonomiske vurderingar som kan overførast til andre saker og problemstillingar. Ekspertane våre skildrar aktuelle tema innanfor konkurranselovgjeving gjennom Konkurransepodden og ulike kronikkar om ulike emne innan konkurransepolitikk. Den årlege juskonferansen gir også verdifull rettleiing og innsikt i norsk og EU/EØS-lovgjeving.

Konkurransehemmande reguleringar

Konkurransetilsynet har ein tipsfunksjon der næringsdrivande og andre kan melde frå om reguleringar som blir oppfatta som konkurransehemmande. I 2025 fekk vi 31 tips som vart vurderte for oppfølging. Desse tipsa bidreg til at vi kan ivareta oppgåvene våre etter konkurranselova § 9e, som inneber å påpeike konkurranseregulerande verknader av offentlege tiltak.

Andre høyringsfråsegn

I 2025 kom Konkurransetilsynet med høyringsfråsegn i 13 ulike høyringar. Nokre fråsegn er omtalt over. Andre høyringsfråsegn der tilsynet har vurdert og påpekt moglege verknader for konkurransen omfattar følgande:

  • Finansdepartements høyring om Sparebankutvalet sine forslag.
  • Samferdselsdepartementets høyring om Postutvalet si utgreiing
  • Finansdepartementets forslag til regulering av produktpakker og koplingssal i finansmarknaden
  • Barne- og familiedepartementets forslag om rapporteringsplikt til Finansportalen for pris- og produktopplysningar om fonds- og pensjonstenester
  • Barne- og familiedepartementets forslag til endringar i gjeldsinformasjonslova- og forskrifta
  • Nærings- og fiskeridepartementets høyring om forlenging av ordninga med maksimalpris for drosjer som blir praia på gate eller haldeplass
  • Skatteetatens forslag til samordna aksjeeigarregister

Meir informasjon om Konkurransetilsynets høyringsfråsegn finnast på nettsida vår.

Aktiviteter Resultat
Besøkande på konkurransetilsynet.no 144 055
Sidevisningar på konkurransetilsynet.no 659 093
Nytt nynorskinnhald på kt.no 25,5%
Total abonnentar på nyheitsvarsel frå Konkurransetilsynet 930
Følgjarar på sosiale medium 4267
Nynorsk innhald på sosiale medium 30%
Føredrag og webinar 21
Innsynskrav 2139
Tal podkastepisodar 5
Total nedlasting av alle podkastepisodane 13299
Tal kronikkar 3
Tal konferansar 1
Tal høyringsfråsegn 13
Tal rapportar 3
Tal skulebesøk 8
Tal medieoppslag 3754
Tal pressemeldingar 40

INNSATSFAKTORAR

  • Ressursar frå kommunikasjonsstab, andre stabar og marknadsavdelingane.
  • Medieovervaking.

BRUKAREFFEKTAR

  • Auka kjennskap til Konkurransetilsynet sitt arbeid og konkurranselova.
  • Fleire føretaksleiarar tek aktive grep for å sikre etterleving av konkurransereglane og førebyggje regelbrot.
  • Fjerning av konkurransehemmande reguleringar for å fremje verksam konkurranse.

SAMFUNNSEFFEKTAR

  • Styrkt kjennskap til konkurransereglane og etterleving i næringslivet som bidreg til å førebyggje konkurranseskadelig åtferd.
  • Velfungerande marknader som gir lågare prisar, betre utval og kvalitet, og meir innovasjon

Målet for Konkurransetilsynets internasjonale arbeid er å ivareta oppgåvene våre for departementet (NFD), oppfylle lovpålagde plikter og bidra til at norske konkurransepolitiske interesser blir ivaretekne i internasjonale prosessar. Samstundes bidreg vi med erfaringane våre og nyttar internasjonal kunnskap, noko som styrkjer evna vår til å fremje velfungerande konkurranse.

I 2025 har Konkurransetilsynet vore aktivt i fleire viktige internasjonale forum.

EØS-arbeid

Gjennom EØS-avtalen har vi ansvar for å handheve konkurransereglane. Vi deltok i både formelle og uformelle møter knytt til EØS, noko som sikrar at vi er oppdaterte og bidreg aktivt i viktige diskusjonar. Ein viktig del av dette arbeidet er deltaking i ECN-nettverket. ECN består av 11 arbeidsgrupper og 12 sektorvise undergrupper. Mellom desse er det eigne arbeidsgrupper for digitale marknader (Digital Markets Act) samt digital etterforsking og kunstig intelligens. Vidare er det to årlege plenarmøte og møte mellom generaldirektørane i nettverket. Det vart i 2025 arrangert 32 møter i nettverket. Nokre av dei var digitale. Konkurransetilsynet deltok i dei aller fleste av desse møta. På høveleg vis held vi NFD informert om regelverkssaker som det arbeidast med i nettverket. I tillegg til møte i ECN-nettverket deltok òg tilsynet på eit møte mellom leiarane i dei europeiske konkurransetilsyna (ECA Heads of Authorities) i februar 2025.

Deltaking i desse forum gir tilsynet innsikt i regelverksutviklinga som kan få betydning for norske marknadar, og styrkjer grunnlaget for eiga handheving og for faglege innspel til NFD.

EFTA-samarbeid

Vi har hatt tett kontakt med ESA. I oktober besøkte leiinga i ESA tilsynet i Bergen for å diskutere aktuelle problemstillingar. I tillegg samarbeider tilsynet med dei andre EFTA-landa gjennom EFTA Competition Network.

Samarbeidet med ESA bidreg til samordning i handhevinga av EØS-konkurransereglane og gir tilsynet betre oversikt over saker av interesse for norske styresmakter.

OECDs konkurransekomité

Konkurransetilsynet representerer Noreg i OECD sin Konkurransekomité. Komiteen har mellom anna møter som varer i ei veke to gongar i året. I tillegg til årsrapporten til OECD for 2024, bidrog vi òg med eit skriftleg innlegg om mobile betalingsløysingar, i panelet i ein workshop om å fremje konkurransenøytralitet og med innlegg på seminar om «Building a strong competition case in traditional markets».

Tilsynet har god dialog med NFD om arbeidet i OECD, både i forkant og etterkant av møta.

I tillegg til å representere norske interesser, er arbeidet i OECD ein viktig kjelde til fagleg informasjon og kontaktar for tilsynet. Arbeidet i OECD gir også eit viktig bidrag til kompetanseoppbygging. Tilsynet får tilgang til fagleg bakgrunnsmateriale, tilnærmingar i andre land og beste praksis som blir nytta i vurderingar av norsk konkurransepolitikk og handheving. Tilsynet bidreg også internasjonalt med sine erfaringar og tilnærmingar.

Nordisk samarbeid

Det nordiske samarbeidet på konkurranseområdet er omfattande, og gir gode rammer for erfaringsutveksling og praktisk handhevingssamarbeid mellom konkurransestyresmaktene i Norden.

  • Konkurransetilsynet var vertskap for det årlege møtet mellom dei nordiske konkurransestyresmaktene, som i 2025 vart arrangert i Bergen.
  • Som ein del av kompetanseoppbygginga hos dei ukrainske konkurransestyresmaktane (AMCU) var Konkurransetilsynet ansvarleg for å arrangere ei seminarserie retta mot mellom anna gjennomføring av bevissikring.
  • Dei finske, norske, danske og islandske konkurransetilsyna underteikna ein samarbeidsavtale med Toulouse School of Economics (TSE) – eit av verdas fremste fagmiljø innan konkurranseøkonomi. Gjennom samarbeidet vil forskarar og akademikarar frå TSE bidra med opplæring for tilsette hos konkurransemyndigheitene i desse landa.
  • Det har vore ei rekkje møte i dei ulike nettverksgruppene i det nordiske samarbeidet. Mellom anna har dei nordiske konkurransedirektørane hatt jamleg kontakt gjennom året.

Dette legg til rette for meir effektiv handheving av konkurransereglane i Norden.

ICN-samarbeidet

Konkurransetilsynet deltek i det internasjonale konkurransenettverket (ICN), eit global nettverk for erfaringsutveksling og metodisk utvikling på konkurranseområdet.

I 2025 deltok tilsynet i årsmøtet i ICN. I tillegg valde tilsynet to eksterne rådgjevarar til å følgje og bidra i nettverket sitt arbeid. Rådgjevarane blei valt etter ein open utlysningsprosess.

Konkurransefagleg forsking er viktig for arbeidet til Konkurransetilsynet. Sidan 2014 har tilsynet finansiert forsking innan konkurranseøkonomi og konkurranserett. Dette har styrkt norske forskingsmiljø på desse fagfelta og gjeve nyttig kunnskap for Konkurransetilsynet. I seinare åra har finansieringa skjedd gjennom øyremerka midlar over budsjettet til Konkurransetilsynet.

I 2025 omfatta dei pågåande forskingsprosjekta ulike tema, mellom anna berekraft og konkurranse, digitale marknader og ex-post-analyse av eit fusjonsvedtak. Fleire forskingsprosjekt vart avslutta med gode resultat. Ei detaljert oversikt over forskingsprosjekta i 2025 er tilgjengeleg i vedlegg 1, medan ei fullstendig og oppdatert oversikt over alle forskingsprosjekt og artiklar finst på nettsida vår.

I 2025 vart det tildelt om lag to millionar kroner til tre prosjekt. Desse prosjekta skal mellom anna studere rettspraksis i konkurransesakar, fusjonskontroll i dynamiske marknader og konkurransen i marknaden for bustadlån.

For 2026 er Konkurransetilsynet tildelt 2,2 millionar kroner i forskingstilskot. Ved å støtte nye prosjekt ønskjer vi å fremje kunnskapsdeling mellom tilsynet og akademia. Vidare satsing på forsking og utgreiing bidreg til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for konkurransepolitikken og sikre effektiv handheving av konkurranselova.