For å illustrere korleis ressursane våre gir gode resultat, brukar vi ei resultatkjede. Resultatkjeda viser korleis ressursane blir fordelte på ulike aktivitetar, med mål om å skape størst mogleg nytte for brukarar og samfunnet som heilskap.
Viktige brukargrupper er næringslivet og deira representantar, politikarar og lovgjevarar, samt forbrukarane. Vi vil hjelpe desse gruppene med å forstå korleis reglar og reguleringar påverkar konkurransen. Eit av måla våre er å fremje konkurranse som eit verkemiddel for lågare prisar og betre utval for forbrukarane, noko som gir positive effektar for samfunnet.
Det kan vere utfordrande å måle effektane av vårt arbeid. Forholdet mellom aktivitetane våre og dei positive effektane i samfunnet er ikkje alltid direkte eller synleg.
For å måle effektane av konkurransepolitikken for forbrukarane tek ein derfor som regel utgangspunkt i direkte og indirekte verknader.* I tillegg er det mogleg å estimere makroøkonomiske verknader av konkurransepolitikken.**
Moglege direkte effektar av å stanse ein fusjon er at dei involverte verksemdene ikkje aukar prisane sine, vert tvinga til å halde fram med å vere effektive, og held fram med å innovere for å ta marknadsdelar frå kvarandre. Direkte effektar av å hindre konkurranseskadelege avtalar kan òg vere lågare prisar, betre kvalitet, meir miljøvennlege produkt og sterkare innovasjon.
Indirekte verknader måler allmennpreventive effektar av vedtaka. Verksemder vil observere at andre verksemder vert ilagde gebyr eller pålagde å stanse åtferda si, og vil då på eige initiativ kunne avstå frå handlingar som kunne ha vore brot på konkurransereglane. Regelverket har difor tilsvarande allmennpreventive verknader som straff i annan lovgjeving. Det er grunn til å tru at dei indirekte verknadene er langt større enn dei direkte.***
Norske, danske og europeiske konkurransemyndigheiter har anslått at handhevinga av konkurransereglane fører til årlege direkte og indirekte milliardgevinstar for forbrukarane.
Dei makroøkonomiske verknadene av konkurransepolitikken kan òg vere betydelege. EUs konkurransetilsyn (DG COMP) har estimert at konkurransepolitikken fører til ei langsiktig auke i BNP på 0,6–1,1 prosent. For norske tilhøve utgjer dette fleire titals milliardar kroner. Hovudårsakene er at betre konkurranse fører til auka etterspurnad og større investeringsvilje. Danske konkurransemyndigheiter har gjennomført liknande analysar og har estimert at lågare marginar som følgje av auka konkurranse aukar BNP med 0,7 prosent årleg. Rapporten viser òg at konkurranse aukar sysselsetjinga og produktiviteten.****
Resultatkjedemodellen som nyttast under hjelper oss med å vise korleis vår ressursbruk, aktivitetane og dei omtala effektane heng saman.