Bruk av resultatkjede

For å illustrere korleis ressursane våre gir gode resultat, brukar vi ei resultatkjede. Resultatkjeda viser korleis ressursane blir fordelte på ulike aktivitetar, med mål om å skape størst mogleg nytte for brukarar og samfunnet som heilskap.

Viktige brukargrupper er næringslivet og deira representantar, politikarar og lovgjevarar, samt forbrukarane. Vi vil hjelpe desse gruppene med å forstå korleis reglar og reguleringar påverkar konkurransen. Eit av måla våre er å fremje konkurranse som eit verkemiddel for lågare prisar og betre utval for forbrukarane, noko som gir positive effektar for samfunnet.

Det kan vere utfordrande å måle effektane av vårt arbeid. Forholdet mellom aktivitetane våre og dei positive effektane i samfunnet er ikkje alltid direkte eller synleg.

For å måle effektane av konkurransepolitikken for forbrukarane tek ein derfor som regel utgangspunkt i direkte og indirekte verknader.*  I tillegg er det mogleg å estimere makroøkonomiske verknader av konkurransepolitikken.**

Moglege direkte effektar av å stanse ein fusjon er at dei involverte verksemdene ikkje aukar prisane sine, vert tvinga til å halde fram med å vere effektive, og held fram med å innovere for å ta marknadsdelar frå kvarandre. Direkte effektar av å hindre konkurranseskadelege avtalar kan òg vere lågare prisar, betre kvalitet, meir miljøvennlege produkt og sterkare innovasjon.

Indirekte verknader måler allmennpreventive effektar av vedtaka. Verksemder vil observere at andre verksemder vert ilagde gebyr eller pålagde å stanse åtferda si, og vil då på eige initiativ kunne avstå frå handlingar som kunne ha vore brot på konkurransereglane. Regelverket har difor tilsvarande allmennpreventive verknader som straff i annan lovgjeving. Det er grunn til å tru at dei indirekte verknadene er langt større enn dei direkte.***

Norske, danske og europeiske konkurransemyndigheiter har anslått at handhevinga av konkurransereglane fører til årlege direkte og indirekte milliardgevinstar for forbrukarane.

Dei makroøkonomiske verknadene av konkurransepolitikken kan òg vere betydelege. EUs konkurransetilsyn (DG COMP) har estimert at konkurransepolitikken fører til ei langsiktig auke i BNP på 0,6–1,1 prosent. For norske tilhøve utgjer dette fleire titals milliardar kroner. Hovudårsakene er at betre konkurranse fører til auka etterspurnad og større investeringsvilje. Danske konkurransemyndigheiter har gjennomført liknande analysar og har estimert at lågare marginar som følgje av auka konkurranse aukar BNP med 0,7 prosent årleg. Rapporten viser òg at konkurranse aukar sysselsetjinga og produktiviteten.****

Resultatkjedemodellen som nyttast under hjelper oss med å vise korleis vår ressursbruk, aktivitetane og dei omtala effektane heng saman.

innsatsfaktorar → aktivitetar → produkt/tenester → brukareffektar → samfunnseffektar


INNSATSFAKTORAR

Samla tildeling for 2025 var 147,7 MNOK. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår, og vi arbeidde til saman 86,4 årsverk i 2025. 73,9 prosent av dei tildelte midlane gjekk til lønn.


AKTIVITETAR

Konkurransetilsynet passar på at føretak ikkje samarbeider eller misbrukar ein dominerande stilling på måtar som skadar konkurransen. Vi følgjer opp tips og klagar om moglege lovbrot, samt søknader om lemping for moglege lovbrot som eit føretak sjølv er ein del av. Vidare rettleier vi føretak, advokatar og andre om konkurranseregelverket. Kvart år vurderer vi over 100 fusjonar, oppkjøp eller andre føretakssamanslutningar for å sjå om dei kan gjennomførast utan å skade konkurransen. Vi er ein pådrivar for velfungerande konkurranse gjennom å gjere myndigheiter merksam på konkurranseavgrensande reguleringar og ved å synleggjere dei positive effektane av konkurranse for forbrukarar og næringsliv.  


PRODUKT / TENESTER

Konkurransetilsynet grip inn når eit føretak bryt konkurranselova. Vi kan gje gebyr og melde personar for lovbrot, og vi kan krevje at føretak stoppar eller endrar åtferd som hemmar konkurransen. Vi kan også stanse fusjonar, oppkjøp eller andre føretakssamanslutningar som skadar konkurransen. Dersom vi er bekymra for at ei føretakssamanslutning kan skade konkurransen i ein marknad, kan føretaka foreslå avhjelpande tiltak for å gjennomføre den utan å svekke konkurransen. Vi er aktiv i ulike marknader og saker for å vise at konkurransereglane gjeld for alle marknader og næringar. Vi er synleg i offentlegheita gjennom kronikkar, høyringsfråsegn, medieutsegn og foredrag. Vi arbeider og for at reguleringar ikkje hemmar konkurransen, slik at verksemder kan konkurrere betre.


BRUKAREFFEKTAR

Når føretak konkurrerer lovleg, legger dei ofte ned meir innsats i å tilby det beste for forbrukarane og utnytte ressursane meir effektivt. Dette kan føre til lågare prisar, betre kvalitet og meir innovasjon. Konkurransetilsynet sine vedtak minner næringslivet om å halde seg innanfor konkurranselova, noko som har ein viktig førebyggande effekt. Målet vårt er at føretak skal få betre forståing av kva som er lovleg og ulovleg samarbeid og kva dominerande føretak må vere merksam på for å ikkje misbruke si stilling. Føretak kan tipse tilsynet om samarbeid og åtferd dei meiner kan vere skadelege for konkurransen, og om dei sjølv er ein del av dei. Ved å melde frå gjennom lempingsordninga, kan dei unngå eller redusere gebyr. Vi bidreg òg til at politikarar og lovgjevarar får betre innsikt i korleis lover og reglar påverkar konkurransevilkåra. Denne kunnskapen tek dei med seg når dei vurderer endringar i regelverket, slik at regelverket i større grad fremjar sunn konkurranse og forbrukarinteresser.


SAMFUNNSEFFEKTAR
Dei konkurranseproblema vi tar opp, har som mål å skape positive endringar for forbrukarar og næringsliv. Når føretak opererer i marknader utan konkurransehindringar, kan innovasjon og produktivitet blomstre, og økonomisk kriminalitet blir redusert. Dette bidreg til å skape fleire arbeidsmoglegheiter og eit breiare utval av varer og tenester til betre prisar. Norske føretak kan bli meir konkurransedyktige både nasjonalt og internasjonalt. Ved offentlege innkjøp kan skattepengane bli nytta meir effektivt, slik at det offentlege kan tilby varer og tenester av god kvalitet utan å betale meir enn nødvendig. Som det er gjort greie for over er det grunn til å tro at størrelsen på effektane er betydelege.


*Sjå for eksempel Brekke, Sørgard og Tveito (2019): “Effekter av konkurransereglene for norske forbrukere“, Samfunnsøkonomen 2/19, tilgjengeleg her: Samfunnsøkonomen: Effekter av konkurransereglene for norske forbrukere – Konkurransetilsynet.

**Sjå for eksempel DG COMP (2024): Modelling the macroeconomic impact of competition policy: 2023 update and further development, tilgjengeleg her: 05570b1d-271e-46f4-b061-443ed9f4ea25_en

***Sjå for eksempel Brekke et.al.

****Rapporten er tilgjengeleg her: 20220708-konkurrence-oeger-velstanden.pdf