Miljø, berekraft og grøn omstilling
Konkurransetilsynet arbeider systematisk og heilskapleg for å redusere klimagassutslepp, naturfotavtrykk og energibruk innanfor ramma av verksemda sitt samfunnsoppdrag og med vekt på kostnadseffektivitet. Dei viktigaste kjeldene til klimagassutslepp er knytt til reiser, energibruk i eigne lokale, medan naturpåverknad i hovudsak skjer indirekte gjennom innkjøp, ressursbruk og avfall. Tilsynet er ein kontorbasert verksemd, og den direkte påverknaden på klima og natur er avgrensa. Nettsida konkurransetilsynet.no er miljøklassifisert med karakter B. Lokala våre er BREEAM-sertifiserte og har omfattande kjeldesortering av avfall. Det er installert solcelleanlegg i bygget for å redusere straumforbruket, og i 2025 var den samla produksjonen 49 300 kWh. Tilsynet sin del av den samla produksjon var 12 325 kWh Lokala har god tilgang på sykkelparkering og legg til rette for miljøvennleg transport til og frå arbeidsplassen. Kantinetenestene i bygget rapporterer systematisk på matsvinn.
På området for offentlege anskaffingar er Konkurransetilsynet ein relativt liten aktør. Vi deltek i alle avtalar inngått av Statens innkjøpssenter, der det blir lagt vekt på å redusere miljøpåverknaden. Desse avtalene er mellom anna knytt til reisebyrå, forbruksmateriell og ombruk og gjenvinning av IKT-utstyr. I konkurransar vi gjennomfører sjølv, inkluderer vi miljø- og berekraftskrav der det er relevant for konkurransen. Over 90 prosent av innkjøpa våre er miljømerka produkt. I 2025 har talet på innanlands- og utanlandsreiser gått ned. Dette har bidrege til redusert klimapåverknad.
Klimaendringar og overgangen til eit lågutsleppsamfunn påverkar verksemda indirekte, mellom anna gjennom endra rammevilkår for reiser, leverandørar, energikostnader og digital infrastruktur. Tilsynet følgjer utviklinga og vurderer løypande om behov for tilpassingar i eigen drift.
Tilsynet har som mål å vidareføre reduksjon i klimagassutslepp, særleg knytt til reiser og energibruk. Digitale plattformer blir nytta for møter og samhandling for å redusere talet på reiser. Saman med huseigar ønskjer vi og å ha fokus på kjeldesortering.