Nokon marknader opptek oss meir enn andre, og eit av dei er daglegvaremarknaden. Markedet er viktig for alle, men både prisane og etableringshindringane er høge, og landbruksreguleringar gjer at nokre aktørar har særleg sterk marknadsposisjon. I 2023 gjorde vi ei rekkje viktige analyser av arbeidet, godt støtta eller oppfordra av Nærings -og fiskeridepartementet, og mykje av arbeidet held fram inn i 2024. Slikt arbeid er naudsynt for å skjøne kva tiltak vil ha effekt på prisane i ein så komplisert marknad. Til dømes har vi sett at arbeidet vårt med eigedomsservituttar har ført til forbod mot slike avtaler, som no kan gjere det lettare for ein aktør å etablere butikk lokalt. Vi ser at ordninga med prisvindauge kan vere konkurranseskadeleg, og det er bra om systemet no fell bort. I tilsynets Daglegvarerapport er det meir informasjon om kva arbeid vi gjer i sektoren.
Det er viktig for oss at folk skjønner at dei må gi oss beskjed om konkurranseproblem. Dei som tipsar oss, kan gi nettopp den nøkkelinformasjonen vi treng for ei etterforsking, eller gjere oss klar over korleis reglar kan verke konkurransevridande. Det er òg viktig at dei føretaka som innser at dei gjer noko ulovleg veit at viss dei kjem til oss og seier i frå, vil dei kunne sleppe gebyr for ulovleg praksis.
Gjennom å auke kunnskapen om konkurransereglane og fordelane ved velfungerande konkurranse, bidreg Konkurransetilsynet til at samfunnet utviklar seg på ein måte som tener forbrukarar og fremmer effektiv utnytting av ressursane. Konkurransetilsynet er derfor eit kompetansesenter i spørsmål om korleis marknader kan fungere betre.
I 2023 var vi aktive med å gi faglege synspunkt på mange områder og i fleire kanalar. Tilsynets ekspertar heldt ei lang rekkje foredrag i små og store fora, og vi ga høyringssvar i 15 ulike samanhengar – fleire av dei om korleis reglar kan fremme berekraft gjennom betre konkurranse. Vi seier frå når vi ser at regler i ein marknad kan ha ein konkurransehemmande effekt, eller til dømes når kommunar ikkje legg til rette godt nok for konkurranse i sine reguleringsplanar. Vi ser positiv effekt av slik aktivitet, og i 2023 såg vi særleg at mange marknadsaktørar unngjekk å uttale seg om priser i media etter at tilsynet hadde vore i kontakt med dei og forklart at praksisen kunne skade konkurransen.
Det mest kritiske for å vedlikehalde vår rolle som eit kompetansesenter i konkurransesaker, er å sikre at tilsynet er ein attraktiv arbeidsplass. Det vil oppmuntre våre dyktige medarbeidarar til å bli verande, noko som er avgjerande for effektiv konkurransekontroll i Noreg. Derfor legg vi vekt på utvikling av medarbeidarar og eit godt miljø for å sikre motivasjon og trivsel. Våre tilsette ynskjer å gjere ein samfunnsmessig skilnad. Det er drivkrafta som gjer at vi skal få til effektiv og kompetent konkurransekontroll framover.