Prisnivået blir fastsett av kostnadene ved sal av drivstoff og av fortenesten til stasjonane og kjedene. I tillegg har lokal konkurranse mykje å seie for kortsiktige svingingar i pumpeprisar og for lokale prisforskjeller.
Korleis påverkar konkurranse drivstoffprisen?
Graden av konkurranse i drivstoffmarknaden er ulik i ulike område. Om det er god konkurranse, avheng mellom anna av kor mange og kva kjeder som er til stades, om det er ubetente stasjonar i området, og storleiken på transportkostnadene knytt til å forsyne stasjonane med drivstoff. Nokre stadar finst det også mindre kjeder som bidreg til sterkare konkurranse, fordi dei ikkje følgjer det same faste prismønsteret som dei store kjedene.
I byar er det ofte fleire kjeder til stades, noko som ofte bidreg til betre konkurranse. Samstundes kan det i område med mange aktørar likevel vera høge prisar. Det kan skuldast at korte avstandar gjer det lettare for stasjonane å observere kvarandres prisar, noko som kan dempe konkurransen.
I tillegg spelar kundane ein stor rolle. Jo meir aktive kundane er til å fylle tanken når det er billig, desto hardare må stasjonane konkurrere for å vinne kundar. Derfor vil område med spesielt prisbevisste kundar ofte ha lågare drivstoffprisar.
Andre faktorar som kan påverke prisen
Prisnivået blir også påverka av internasjonale prisar på drivstoff, drivstoffavgifter, driftskostnader og forteneste for stasjonane og kjedene. Når til dømes råvareprisen på olje ligg over normalen i periodar, vil dei internasjonale drivstoffprisane auke, og prisnivået på drivstoff i Noreg stig.