Drosje

Drosjemarknaden er regulert av ulike styresmakter, mellom anna av Konkurransetilsynet. Hovudoppgåva til tilsynet er å handheve konkurranselova, og i drosjemarknaden handhevar Konkurransetilsynet i tillegg to forskrifter med særregulering. Dette er forskrift om takstutrekning og maksimalprisar og forskrift om dispensasjon frå konkurranselova for drosjesentralar.

Nettsidene til Konkurransetilsynet om drosjemarknaden er meint å gi informasjon om den reguleringa tilsynet har ansvar for. I tillegg kan ein finne oversikt over andre relevante styresmakter og ansvarsområda deira, og dessutan svar på spørsmål som tilsynet ofte får.

Finn du ikkje svaret på det du lurte på her på siden om taxi, er du velkomen til å kontakte Konkurransetilsynet eller nokon av dei andre relevante styresmaktene.

Konkurransetilsynet: post@kt.no eller tlf. 55 59 75

Ikon for