Leiars melding

Konkurransetilsynet skal fremme konkurranse til fordel for forbrukarar og næringsliv, og det gjer vi gjennom handheving av konkurranselova, ein aktiv fusjonskontroll, og ved å vere eit kompetansesenter i konkurransefaglege spørsmål.

Konkurransetilsynet skal stoppe oppkjøp og samanslåingar som vil gi betydeleg konkurranseskade og risiko for høgare prisar, i små så vel som store marknader. Vi jobbar så effektivt som mogleg for å gi raske avklaringar.

I 2023 fekk vi inn 113 meldingar om føretakssamanslutningar. Av desse vart 108 avslutta innan 25 verkedagar. Vi stoppa ein fusjon i betongmarknaden der Ølen Betong/NCG ikkje fekk kjøpe Betongvarer i Kvinnherad. I tillegg vurderte vi grundig til fase II fire andre samanslåingar som til sist vart godkjende, deriblant saker som involverte store aktørar i banksektoren (Nordea-Danske Bank sin privatkundedel) og i marknaden for flytransport av passasjerar (Norwegian-Widerøe).

Å handheve konkurranselova betyr at tilsynet skal avdekke og reagere mot misbruk av dominans og ulovleg samarbeid mellom føretak. I 2023 jobba vi vidare med fleire store etterforskingssaker, inkludert i marknaden for tenestepensjon, apotekmarknaden og daglegvarebransjen (prisjegersaken). Samstundes avslutta vi ei etterforsking i marknaden for entreprenørtenester utan å fatte vedtak om gebyr.

Nokon gonger vert vår praksis korrigert i rettssystemet. Eit vedtak fatta i 2022 om gebyr på til saman 545 millionar kroner til fire forlag og ei databaseteneste for ulovleg samarbeid, vart oppheva av Konkurranseklagenemnda i 2023. Nemnda var ikkje einig i vår vurdering av at partane samarbeidde om framtidige prisar. Saka var med det avslutta, sidan tilsynet sin moglegheit til å anke den vidare i rettssystemet ikkje var trådd i kraft for denne saka.

I  2023 oppheva Høgsterett Konkurransetilsynets (og Konkurranseklagenemndas) forbod mot Schibsteds kjøp av Nettbil.

Portrettfoto av Tina Søreide
Konkurransedirektør Tina Søreide.

Både Schibsted, som eig Finn, og Nettbil, selde brukte bilar på nett. Tilsynet hadde vurdert det slik at ei samanslåing mellom desse ville svekke konkurransen. Høgsterett var ueinig med denne vurderinga. Konkurranseretten er eit krevjande fagfelt, der svara ikkje alltid er eintydige. For oss i tilsynet er det viktig å trekke lærdom saker der ein ankeinstans ikkje støtter våre vedtak.

Konkurranseretten er eit krevjande fagfelt, der svara ikkje alltid er eintydige. For oss i tilsynet er det viktig å trekke lærdom saker der ein ankeinstans ikkje støtter våre vedtak.

For å føre effektiv kontroll må Konkurransetilsynet og justere arbeidet i takt med endringar i verda rundt oss. 2023 er året då kunstig intelligens (KI) vart tilgjengeleg for folk flest, og vi er mange som fekk auga opp for korleis slik teknologi vil påverke samfunnet. I Konkurransetilsynet har vi allereie vore opptekne av prisingsalgoritmar i nokre år, og ser no at fleire moglegheiter med bruk av KI kan kome til å endre korleis føretak opererer og konkurrerer. Det er naudsynt å fylgje med på korleis utviklinga stiller nye krav til regulering og tilsyn for å sikre rettferdig konkurranse framover.

I 2023 deltok vi derfor i ei rekkje internasjonale fora for å lære meir om korleis nettbaserte aktørar kan sikre seg marknadsmakt på nye måtar og kva tilgang til data kan ha å seie for eksempel i fusjonskontrollen. I slike fora har det vore mykje dialog om korleis regler bør oppdaterast for å sikre at konkurransekontrollen vil vere effektiv framover. Det har særleg vore lagt vekt på utfordringane knytt til store plattformkjempar som Amazon og Google (Alphabet), og at dei ulike segmenta i marknaden for KI-tenester ikkje vert monopolisert av aktørar med sterk marknadsposisjon, slik som Nvidia, Microsoft og IBM.

Den digitale utviklinga har gjort  at ulike tilsyn, inkludert Konkurransetilsynet, er meir obs på kva tilgang til informasjon har å seie for konkurransesituasjonen. Nye EU-regler om digitale marknader (DMA) skal skape meir open og rettferdig konkurranse mellom store og små digitale nettbaserte plattform-føretak. I 2023 var Konkurransetilsynet involvert i ei arbeidsgruppe som vurderer innlemminga av slike EU-reglar i norsk rett.

Våre tilsette ynskjer å gjere ein samfunnsmessig skilnad. Det er drivkrafta som gjer at vi skal få til effektiv og kompetent konkurransekontroll framover.

Internt i Konkurransetilsynet har den siste tidas teknologiske utvikling tydeleggjort verdien av det arbeidet vi allereie hadde starta, som handlar om å styrke tilsynets bruk av data og analyse i sakshandsaminga. I 2023 vedtok vi å etablere ei tenesteytande gruppe med brei programmeringskompetanse for å styrkje og effektivisere saksbehandlinga i heile tilsynet. Vi som driv konkurransekontroll, treng òg tilgang til data for å få effekt av nye teknologiske moglegheiter, og derfor har vi vore i kontakt med andre tilsyn og marknadsaktørar for å få meir informasjon for våre analyser. Dette arbeidet vil halde fram i åra som kjem, slik at vi kan overvake marknader, avdekke ulovleg samarbeid, og utføre fusjonskontroll enda meir effektivt enn no.

Nokon marknader opptek oss meir enn andre, og eit av dei er daglegvaremarknaden. Markedet er viktig for alle, men både prisane og etableringshindringane er høge, og landbruksreguleringar gjer at nokre aktørar har særleg sterk marknadsposisjon. I 2023 gjorde vi ei rekkje viktige analyser av arbeidet, godt støtta eller oppfordra av Nærings -og fiskeridepartementet, og mykje av arbeidet held fram inn i 2024. Slikt arbeid er naudsynt for å skjøne kva tiltak vil ha effekt på prisane i ein så komplisert marknad.Forside av Konkurransetilsynets dagligvarerapport 2023 Til dømes har vi sett at arbeidet vårt med eigedomsservituttar har ført til forbod mot slike avtaler, som no  kan gjere det lettare for ein aktør å etablere butikk lokalt. Vi ser at ordninga med prisvindauge kan vere konkurranseskadeleg, og det er bra om systemet no fell bort. I tilsynets Daglegvarerapport er det meir informasjon om kva arbeid vi gjer i sektoren.

Det er viktig for oss at folk skjønner at dei må gi oss beskjed om konkurranseproblem. Dei som tipsar oss, kan gi nettopp den nøkkelinformasjonen vi treng for ei etterforsking, eller gjere oss klar over korleis reglar kan verke konkurransevridande. Det er òg viktig at dei føretaka som innser at dei gjer noko ulovleg veit at viss dei kjem til oss og seier i frå, vil dei kunne sleppe gebyr for ulovleg praksis.

Gjennom å auke kunnskapen om konkurransereglane og fordelane ved velfungerande konkurranse, bidreg Konkurransetilsynet til at samfunnet utviklar seg på ein måte som tener forbrukarar og fremmer effektiv utnytting av ressursane. Konkurransetilsynet er derfor eit kompetansesenter i spørsmål om korleis marknader kan fungere betre.

I 2023 var vi aktive med å gi faglege synspunkt på mange områder og i fleire kanalar. Tilsynets ekspertar heldt ei lang rekkje foredrag i små og store fora, og vi ga høyringssvar i 15 ulike samanhengar – fleire av dei om korleis reglar kan fremme berekraft gjennom betre konkurranse. Vi seier frå når vi ser at regler i ein marknad kan ha ein konkurransehemmande effekt, eller til dømes når kommunar ikkje legg til rette godt nok for konkurranse i sine reguleringsplanar. Vi ser positiv effekt av slik aktivitet, og i 2023 såg vi særleg at mange marknadsaktørar unngjekk å uttale seg om priser i media etter at tilsynet hadde vore i kontakt med dei og forklart at praksisen kunne skade konkurransen.

Det mest kritiske for å vedlikehalde vår rolle som eit kompetansesenter i konkurransesaker, er å sikre at tilsynet er ein attraktiv arbeidsplass. Det vil oppmuntre våre dyktige medarbeidarar til å bli verande, noko som er avgjerande for effektiv konkurransekontroll i Noreg. Derfor legg vi vekt på utvikling av medarbeidarar og eit godt miljø for å sikre motivasjon og trivsel. Våre tilsette ynskjer å gjere ein samfunnsmessig skilnad. Det er drivkrafta som gjer at vi skal få til effektiv og kompetent konkurransekontroll framover.