Drivstoffmarknaden

Bensin og drivstoff er framleis viktig for norske forbrukarar, og konkurransen i drivstoffmarknaden er ikkje så god som han kunne ha vore. Derfor følgjer Konkurransetilsynet ekstra godt med på denne marknaden.

For å halde tritt med konkurransen og prisane i drivstoffmarknaden har Konkurransetilsynet to særleg viktige tiltak.

Det eine er at vi har pålagt dei store aktørane i marknaden opplysningsplikt. Sjå meir om dette nedanfor. Opplysningsplikta gjer at tilsynet til ei kvar tid har god kontroll på konsentrasjonen i marknaden.

Det andre tiltaket er at Konkurransetilsynet innhentar drivstoffprisar frå heile landet og kartlegg utviklinga. Tilsynet brukar kartlegginga mellom anna til å informere drivstoffkundane om korleis prisane utviklar seg, slik at kundane skal ha best mogleg føresetnader for å vite når det løner seg å kjøpe drivstoff. Kartlegginga var også grunnlaget for ei etterforskingssak mot Circle K og YX, sjå meir om denne her.

Graf som viser bensinprisenes utvikling over tid
Den øvste grafen viser landsgjennomsnittet for bensinprisar (blå) og dieselprisar (oransje) for heile mars 2023. Prisane følgjer eit mønster der pumpeprisane har ein tydeleg auke, før dei gradvis blir reduserte. Vi ser òg at prisaukingane i denne månaden ofte skjer med tre dagars mellomrom.

Graf som viser bensinprisenes utvikling over tid

Graf nummer to viser dei samme tala i mars 2024. Vi ser no at prisaukingane skjer sjeldnare.

Kartlegginga til Konkurransetilsynet viser at drivstoffprisane følgjer eit bestemt mønster. Pumpeprisane blir sett markant opp nokre dagar i veka, for så å bli gradvis nedjustert. Dei fleste stasjonane i Noreg gjennomfører aukinga i løpet av nokre timar, medan nedjusteringa skjer i ulikt tempo på ulike stader. Lenge såg vi at prisaukingane skjedde på faste dagar, men dette stemmer ikkje lenger. Som grafen viser, skjedde prisaukingane på ulike vekedagar i mars 2023 og mars 2024.

Les meir:

Ofte stilte spørsmål

Her får du svar på dei oftast stilte spørsmåla om drivstoff.

Prisane er på det lågaste rett før dei hoppar opp, men når dette skjer, har endra seg over tid. Konkurransetilsynet kartlegg drivstoffprisane og går jamleg ut med oppdatert offentleg informasjon om når det løner seg å fylle. Dette gjer vi for å gjere det litt enklare for kundane å orientere seg i marknaden.

Sjå siste publiserte pressemelding for oppdatert informasjon om drivstoffprisane. Desse finn du under overskrifta «Relevante saker».

Prisnivået blir fastsett av kostnadene ved sal av drivstoff og av fortenesten til stasjonane og kjedene. I tillegg har lokal konkurranse mykje å seie for kortsiktige svingingar i pumpeprisar og for lokale prisforskjeller.

Korleis påverkar konkurranse drivstoffprisen?

Graden av konkurranse i drivstoffmarknaden er ulik i ulike område. Om det er god konkurranse, avheng mellom anna av kor mange og kva kjeder som er til stades, om det er ubetente stasjonar i området, og storleiken på transportkostnadene knytt til å forsyne stasjonane med drivstoff. Nokre stadar finst det også mindre kjeder som bidreg til sterkare konkurranse, fordi dei ikkje følgjer det same faste prismønsteret som dei store kjedene.

I byar er det ofte fleire kjeder til stades, noko som ofte bidreg til betre konkurranse. Samstundes kan det i område med mange aktørar likevel vera høge prisar. Det kan skuldast at korte avstandar gjer det lettare for stasjonane å observere kvarandres prisar, noko som kan dempe konkurransen.

I tillegg spelar kundane ein stor rolle. Jo meir aktive kundane er til å fylle tanken når det er billig, desto hardare må stasjonane konkurrere for å vinne kundar. Derfor vil område med spesielt prisbevisste kundar ofte ha lågare drivstoffprisar.

Andre faktorar som kan påverke prisen

Prisnivået blir også påverka av internasjonale prisar på drivstoff, drivstoffavgifter, driftskostnader og forteneste for stasjonane og kjedene. Når til dømes råvareprisen på olje ligg over normalen i periodar, vil dei internasjonale drivstoffprisane auke, og prisnivået på drivstoff i Noreg stig.

Like prisar treng ikkje å tyde at stasjonane samarbeider.

Men om dei like prisane kjem av at selskapa på ein eller annan måte har blitt einige om prisane, vil dette truleg vere ulovleg. To stasjonar som samarbeider om prisar i staden for å konkurrere om å vera billigast, vil derfor truleg bryte konkurranselova.

Ein mogleg lovleg årsak til at bensinstasjonane har like prisar, er at dei observerer kvarandre sine prismaster og på eiga hand vel å setje prisen lik den andre. Å einsidig tilpasse seg konkurrenten sin åtferd er altså ikkje ulovleg.

Ulik konkurransesituasjon gir lokale skilnader i prisar. Sjå meir under «Kva bestemmer drivstoffprisane?»

Nokre gonger kjem store prisforskjellar av at éin stasjon akkurat har sett opp prisen, medan den andre ikkje har gjort det enno. Pumpeprisane blir sett markant opp nokre dagar i veka, for så å settes ned gradvis. Det kan vera stor prisforskjell mellom to stasjonar dersom den eine ligg lågt fordi ho er i slutten av ein periode med prisnedgang, medan ein annan nettopp har sett ein ny, høg pris.

Dersom det over tid er stor prisforskjell mellom to område som ligg nær kvarandre, tyder dette på at avstanden er tilstrekkeleg stor til at stasjonane i det dyraste området ikkje opplever at kundane heller drar til det billigaste området for å fylle. Hvis dette hadde skjedd, ville dei dyraste stasjonane valt å heller setje ned prisane.

Dette kan vi kundar påverke ved å nytte forbrukarmakta. I område der ingen stasjonar har spesielt låge prisar, vil det løne seg å planleggje innkjøp når ein uansett har ærend i områda rundt. Det er tilstrekkeleg at ein del kundar gjer dette. Så lenge det er mange nok til at dei lokale stasjonane ser at salget går ned, er det gode sjansar for at stasjonane vil justere ned prisen for å få opp salget att.

Ja, bensinstasjonar kan lovleg informere om gjeldande pumpepris ved førespurnad frå kundar. Dette gjeld både når kundane får informasjonen per telefon, ved oppmøte hos seljar eller når opplysningane blir gitt til kundane på anna måte.

Det er bra med informasjon til kundane slik at dei lettare kan finne ut kvar det er billigast å fylle drivstoff. Dette kan fremje konkurranse og gi lågare prisar.

Samstundes kan ein slik plattform gi bensinstasjonane meir informasjon om konkurrentane sine prisar, noko som kan vera uheldig. Stasjonar set ned prisen for å tiltrekke seg kundar, og det er denne konkurransen som driv prisane nedover. Når stasjonane har god oversikt, kan dei senke prisen raskt når konkurrentane gjer det. Dersom ein stasjon berre får vere billigast ein kort stund, vil han ikkje rekke å få særleg mange ekstra kundar. Då blir det heller ikkje så attraktivt å senke prisane, og resultatet kan bli høgare prisar.

Ein slik plattform kan vere eit brot på konkurranselova si §10. Lova seier at det er forbode for føretak å samarbeide på ein måte som avgrensar konkurransen, og forbodet gjeld både direkte og indirekte samarbeid. Det er selskapa sitt ansvar å passe på at dei held seg innanfor lova.

Array
(
    [post_type] => Array
        (
            [0] => 
        )

    [numberposts] => 0
    [category] => Array
        (
            [0] => 691
        )

    [nopaging] => 
    [paged] => 1
    [order] => DESC
    [orderby] => date
)