Konkurransetilsynet har vurdert ei rekkje oppkjøp og fatta fleire vedtak i drivstoffmarknaden. I tillegg handsamar vi høyringar om endringar i regelverket.
Tilsynet har utarbeidd to rapportar om marknaden, men merk at det har skjedd endringar, mellom anna i prissettinga i marknaden, sidan rapportane vart utarbeidde. For oppdatert informasjon om prisar, sjå «Relevante saker» på temaside for drivstoffmarknaden.