Årsrapportar

Årsrapport for 2023

I løpet av 2023 vart det kjent at ei rekke bankar ønsker å slå seg saman. Nordeas oppkjøp av Danske Bank si personkundeverksemd var ei av sakene det var behov for å sjå nærare på, men Konkurransetilsynet hadde ikkje grunnlag for å gripe inn i oppkjøpet.

Konkurransetilsynet fekk 113 fusjonsmeldingar i 2023. Dette er ein nedgang frå rekordåret året før, men samstundes merker tilsynet ein auka konsentrasjon innan enkelte marknader som til dømes bank.

Av innmeldte meldingar vart 108 godkjent innan 25 dagar. Det betyr at 96 prosent av alle meldingar blir klarert innan den lovpålagte fristen på 25 dagar. Berre fire prosent av dei meldte føretakssamanslutningane var det behov for å sjå nærare på.


Årsrapport for 2022

I 2022 står framleis daglegvaremarknaden sentralt i arbeidet til Konkurransetilsynet. Tilsynet, som har fylgt marknaden tett over mange år, ser at løysningar krev at utfordringane blir sett i samanheng. Den nye geopolitiske situasjonen som oppstod då Russland invaderte Ukraina førte til høge straumprisar og inflasjon inkludert høge daglegvareprisar. Dette er noko som påverkar Konkurransetilsynet sitt arbeid.  

Konkurransetilsynet ser at den teknologiske utviklinga i mange marknadar gjev nye utfordringar. Vi må ha rett kompetanse og vere organisatorisk tilpassa nye utfordringar. Det er ei sentral oppgåve for tilsynet å vere førebudd på framtida, og noko som inngår i den nye strategien for 2022-2027. I strategiplanen til tilsynet for 2022-2027 er òg «Berekraft gjennom konkurranse» tatt inn som ei strategisk målsetjing for perioden 2023-2025. Konkurransetilsynet si berekraftsatsing inneber at tilsynet vil prioritere saker med berekraftaspekt i handhevinga av konkurranselova.


 

Årsrapport for 2021

I 2021 har ulike konkurranseutfordringar i daglegvaremarknaden stått sentralt i arbeidet vårt. Sidan 2019 har Konkurransetilsynet fått ekstra midlar frå Nærings- og fiskeridepartementet for auka satsing på daglegvaresektoren og i 2021 vedtok Stortinget at denne satsinga skal gjerast permanent. Dette gjer det mogleg med eit meir langsiktig perspektiv på kompetanseoppbygging slik at vi er i god posisjon til å adressere konkurranseutfordringar i denne sektoren.

I tillegg til å ha fokus på våre mange pågåande etterforskingssaker og pådrivarsaker innanfor mange ulike marknader, har óg digitalisering prega arbeidet vårt. I 2021 har vi hatt merksemd på nye måtar å arbeide på og bruke data, men óg bygd opp kompetanse om føretak sin bruk av algoritmar. I tillegg har vi etterforska ein sak innanfor digital økonomi.


 

Årsrapport for 2020

Covid-19 har prega arbeidet til Konkurransetilsynet i 2020. Som mange andre organisasjonar har tilsynet frå mars 2020 i stor grad nytta heimekontor. Trass covid-19, har aktiviteten vår vore høg i året som har gått. I løpet av det siste året har Konkurransetilsynet komme med tre vedtak og to varsel i etterforskingssaker, og lagt ned forbod mot ein føretakssamanslutning. Tilsynet har òg vedtatt eller varsla gebyr i tre saker som omhandlar mangelfull/feilaktig informasjon om fusjonar og oppkjøp. Konkurransetilsynet har påpeika konkurranseskadelege reguleringar og gitt innspel til korleis nye reguleringar kan utformast slik at dei fremmar og ikkje avgrensar konkurranse.


 

Årsrapport for 2019

Konkurransetilsynet har i 2019 fortsatt arbeidet med å jobba breitt ut mot mange marknadar og ulike typar saker, i tråd med vår strategiske plan for perioden 2017-21. Vi har vore synlege i blant anna marknadene for daglegvarer, drivstoff, alarm, pensjon, helse, drosje og bøker. Vi har brukt heile breidda i verkemiddelapparatet vårt: fusjonskontroll, kartellavdekking, hindre misbruk av dominerande stilling samt å arbeide for at rammevilkåra legg til rette for konkurranse.


 

Årsrapport for 2018

Konkurransetilsynet har jobba systematisk og effektivt med måla frå tildelingsbrevet frå 2018 og frå strategiplan 2017-21. Tilsynet har nådd ut breitt med dei sakene vi jobbar med, vi har auka kjennskapen til konkurransereglane, og vi påpeiker betydinga av konkurranse der det er til fordel for forbrukarar og næringsliv. I sum har dette bidrege til at selskap i større grad etterlever konkurransereglane, og regelverket i enkeltnæringar i større grad fremmar sunn konkurranse.


 

Årsrapport for 2017

Konkurransetilsynet har hatt høg aktivitet i 2017, ikkje minst på etterforskingssida. Tre bevissikringar er gjennomført i høvesvis ølmarknaden, alarmmarknaden og avfallsmarknaden. I 2017 har tilsynet fatta to vedtak om ulovleg samarbeid. Fire forlag fekk gebyr på til saman over 30 millionar kroner.


 

Årsrapport for 2016

Det har vore høg aktivitet i 2016, med fleire tydelege vedtak som har hatt effekt både direkte i den enkelte saka og indirekte i form av førebyggande verkingar. Det å vere strategisk synleg er også viktig for å fremje konkurranse og forhindre konkurranseskadeleg åtferd, skriv tilsynet i årsrapporten for 2016.


 

Årsrapport for 2015

Rekordmange inngrep i fusjonssaker og gjennomslag i rettsapparatet er stikkord for Konkurransetilsynets arbeidsår i 2015.Tilsynet greip inn i fem av dei mange fusjons-sakene som var melde inn til tilsynet. Det er det største talet nokon gong i eit einskild år sidan 2007.


 

Årsrapport for 2014

Årsrapporten summerer opp dei viktigaste resultata og aktivitetane til Konkurransetilsynet i 2014.


 

Årsrapport for 2013

Årsrapporten oppsummerar dei viktigaste resultata og aktivitetane til Konkurransetilsynet i 2013.


 

Årsrapport for 2012

Årsrapporten oppsummerar dei viktigaste resultata og aktivitetane til Konkurransetilsynet i 2012.


Årsrapport 2010

Kartellsatsinga gir resultat. Konkurransetilsynet har intensivert kontrollane og etterforskar no fleire store saker parallelt. Fleire selskap har sjølv varsla om at dei kan vere involvert i ulovleg samarbeid.


Årsrapport 2021.
Årsrapport 2021.