Meldingar om føretakssamanslåingar og inngrep
Konkurransetilsynet vurderer om meldepliktige føretakssamanslåingar påverkar konkurransen. I tillegg kan tilsynet påleggje meldeplikt for føretakssamanslåingar under terskelverdiane. Det kan gjerast dersom tilsynet har rimeleg grunn til å tru at konkurransen blir påverka eller om andre særlege omsyn tyder på at tilsynet bør undersøkje saka nærare.
I ein kronikk 16. november 2020 svarer konkurransedirektør Lars Sørgard på om konkurransereglane kan vere ein trussel mot start-ups. Denne og fleire kronikkar om konkurransereglar i den digitale økonomien ligg ved nede på denne sida.
Opplysningsplikt
Konkurransetilsynet kan gripe inn mot føretakssamanslåingar, mellom anna fusjonar, oppkjøp, leigeavtalar og liknande som fører til varige strukturendringar. Tilsynet kan òg gripe inn mot fusjonar som er under terskelverdiane dersom dei gjer konkurransen dårlegare og er til skade for forbrukarane. Tilsynet er oppteken av god konkurranse til beste for kundane. Tilsynet vurderer stadig om det er naudsynt å innføre opplysningsplikt for fleire aktørar og i andre marknader, inkludert digitale marknader.
Les meir om fusjonskontroll her.
EU-kommisjonen sin fusjonskontroll
EU-kommisjonen handsamer som regel føretakssamanslåingar der føretak har stor omsetjing i fleire land i Europa. Dette gjeld typisk verksemder som er aktive i digitale marknader, fordi mange av desse òg er viktige for norske forbrukarar. Dei norske konkurransereglane er harmoniserte med EU sine reglar. EU-kommisjonen har opna for å handsame saker som blir vist vidare til EU-kommisjonen frå medlemslanda.
Les meir om den siste utviklinga i EU-regelverk om konkurranse i den digitale økonomien og om EU-kommisjonen sine fusjonssaker om digitale marknader her.