Handhevar og pådrivar

I samsvar med tildelingsbrevet for 2021 prioriterer Konkurransetilsynet konkurranse i ein digital økonomi. Tilsynet følgjer spesielt med i marknader der digitalisering kan resultere i større risiko for misbruk av marknadsdominans og ulovleg samarbeid.

Les meir om relevant regelverk og relaterte saker og aktivitetar på denne sida.

Meldingar om føretakssamanslåingar og inngrep

Konkurransetilsynet vurderer om meldepliktige føretakssamanslåingar påverkar konkurransen. I tillegg kan tilsynet påleggje meldeplikt for føretakssamanslåingar under terskelverdiane. Det kan gjerast dersom tilsynet har rimeleg grunn til å tru at konkurransen blir påverka eller om andre særlege omsyn tyder på at tilsynet bør undersøkje saka nærare.

I 2020 stansa Konkurransetilsynet føretakssamanslåing mellom Schibsted ASA og Nettbil AS på grunnlag av meldeplikt. Tilsynet meinte at føretakssamanslåinga i betydeleg grad ville hindre effektiv konkurranse i marknaden for nettbasert formidling av bruktbilar. Vedtaket vart klaga på, men klagen blei ikkje tatt til følge.

I ein kronikk 16. november 2020 svarer konkurransedirektør Lars Sørgard på om konkurransereglane kan vere ein trussel mot start-ups. Denne og fleire kronikkar om konkurransereglar i den digitale økonomien ligg ved nede på denne sida.

Opplysningsplikt

Konkurransetilsynet kan gripe inn mot føretakssamanslåingar, mellom anna fusjonar, oppkjøp, leigeavtalar og liknande som fører til varige strukturendringar. Tilsynet kan òg gripe inn mot fusjonar som er under terskelverdiane dersom dei gjer konkurransen dårlegare og er til skade for forbrukarane. Tilsynet er oppteken av god konkurranse til beste for kundane. Tilsynet vurderer stadig om det er naudsynt å innføre opplysningsplikt for fleire aktørar og i andre marknader, inkludert digitale marknader.

Les meir om fusjonskontroll her >>

EU-kommisjonen sin fusjonskontroll

EU-kommisjonen handsamer som regel føretakssamanslåingar der føretak har stor omsetjing i fleire land i Europa. Dette gjeld typisk verksemder som er aktive i digitale marknader, fordi mange av desse òg er viktige for norske forbrukarar. Dei norske konkurransereglane er harmoniserte med EU sine reglar. EU-kommisjonen har opna for å handsame saker som blir vist vidare til EU-kommisjonen frå medlemslanda.

Les meir om den siste utviklinga i EU-regelverk om konkurranse i den digitale økonomien og om EU-kommisjonen sine fusjonssaker om digitale marknader her >>

Etterforskar lovbrot 

I mars 2021 vart det kjent at Konkurransetilsynet hadde starta etterforskning mot ei verksemd i ein digital marknad etter mistanke om utestengjande åtferd.

EU-kommisjonen sine saker

EU-kommisjonen har etterforska fleire moglege brot på konkurransereglane i digitale marknader. Føretak som er etterforska er viktige aktørar òg for norske forbrukarar. Norske konkurransereglar er harmoniserte med EU sine.

Les meir om utviklinga i EU-regelverket om konkurranse i ein digital økonomi og om EU-kommisjonen sine etterforskingssaker om digitale marknader her >>

Rapportar og utsegner

Ein viktig del av pådrivarrolla til Konkurransetilsynet handlar om å vere aktiv i samfunnsdebatten. Gjennom kronikkar, rapportar, føredrag og andre aktivitetar synleggjer tilsynet moglegheiter og utfordringar knytt til digitale marknader.

Kva for ein effekt kan algoritmar ha på konkurransen? (2021)
Stadig fleire føretak i Noreg bruker overvakings- og prisingsalgoritmar i verksemda si. Det viser ei undersøkjing Konkurransetilsynet har utført. Tilsynet oppfordrar no føretak til å vere merksame på at bruken av algoritmar òg kan skade konkurransen og føre til høgare prisar til forbrukarane.

Online pharmacy markets in the Nordic (2021)
Denne rapporten frå nordiske konkurransemyndigheiter konkluderer med at det er nødvendig med reformer i apotekbransjen. Det kan til dømes dreie seg om reformer som fjernar unødvendige hinder ved oppstart av nettapotek, reformer knytt til eigarskap eller reformer knytt til prisregulering. Nettapotek kan bidra til meir effektive apotektenester, noko som kjem forbrukarane til gode.

Digital platforms and the potential changes to competition law at the European level (2020)
Ein felles rapport om det nordiske perspektivet på konkurransespørsmål i digitale marknader. Rapporten er eit viktig bidrag i debatten om handheving av konkurranseregelverket i digitale marknader og reglar for digitale plattformer.

Ikon for
Konkurransetilsyn i Norden prioriterer digitale marknader og har eigne nettsider om emnet:

Konkurrensverkets arbeid med digitale markeder >> (Sverige)

Konkurrencestyrrelsens arbeid med digitale platformer>> (Danmark)

Aktivitetar i 2020 om digitale marknader kan du lesa meir om i del 3.4 i Konkurransetilsynets årsrapport 2020 >>

Prioritering av konkurranse i den digitale økonomien står i 4.1 i tildelingsbrevet 2021 >>