Aktivitetar og resultat

Samla vurdering av oppnådde resultat

Her blir det gitt ei overordna vurdering av oppnådde resultat i høve til måla i Konkurransetilsynet sitt tildelingsbrev for 2023. Vidare skildrar årsrapporten aktivitetane på kjerneområda våre og korleis desse bidreg til å fremje konkurranse.

Det følger av konkurranselova og tildelingsbrevet for 2023 at Konkurransetilsynet skal bidra til auka konkurranse og dermed bidra til effektiv bruk av samfunnet sine ressursar. For å nå målet om auka konkurranse har Konkurransetilsynet i 2023 arbeidd målretta med å avdekke, sanksjonere og førebyggje konkurransekriminalitet.

Sjølv om det  i 2023 ikkje har vore gjennomført nye bevissikringar, har det vore brukt mykje ressursar på å arbeide med og sluttføre og arbeide med omfattande etterforskingssaker i marknader knytt til daglegvaremarknaden, apotekmarknaden, marknaden for tenestepensjon og marknaden for flyttetenester. Desse er viktige marknader for forbrukarane. Ei etterforsking mot aktørar i marknaden for entreprenørtenestar vart i 2023 avslutta da vi ikkje fann grunnlag for å gå videre med saka.

Konkurransetilsynet har dei siste åra vore oppteken av å setje klare rammer for signalisering av pris mellom konkurrentar i media. Vi ser heilt klart ein positiv effekt av dette arbeidet til dømes i daglegvaremarknaden og i bankmarknaden. Vi har òg understreka betydninga av bevisste forbrukarar, særleg når det gjeld å samanlikne prisar frå konkurrentar i drivstoffmarknaden, og i marknaden for bank.

Konkurranseklagenemnda oppheva i 2023 Konkurransetilsynet sitt vedtak mot aktørar i bokmarknaden i ein sak der tilsynet meinte det var tale om ulovleg informasjonsutveksling mellom konkurrentar i ein konsentrert marknad. Evaluering er viktig i alle saker, og det har vore spesielt viktig for tilsynet og sjå på kva slags lærdom ein kan trekkje ut av denne saka.

Som pådrivar for konkurranse har vi peikt på tydinga av å leggje til rette for bruk av  konkurransemekanismar, mellom anna i korleis anbodurransar og krav i offentlege innkjøpsprosessar er utforma. Konkurransetilsynet har òg arbeidd for at data frå offentlege anbodskonkurransar kan brukast til å avdekkja ulovleg samarbeid.

Eit tema som Konkurransetilsynet har sett søkelyset på i 2023 er arbeidsmarknaden. Tilsynet tok initiativ til å utarbeide ein ny nordisk rapport om konkurranse i arbeidsmarknaden i lag med dei andre nordiske konkurransemyndigheitene. Arbeidet med rapporten har mellom anna nytta undersøkingar blant norske føretak som indikerer at avtalar om å ikkje rekruttere kvarandre sine tilsette ikkje er uvanleg.

Ei viktig oppgåve for Konkurransetilsynet er å gripe inn mot føretakssamanslutningar som kan vere skadelege for konkurransen. Konkurransetilsynet fekk 113 meldingar om fusjonar og oppkjøp i 2023, ein nedgang samanlikna med 160 meldingar i 2022. Av dei 113 meldingane vart 96 prosent avslutta innan 25 verkedagar. Av dei sakene som måtte vurderast nærare, blei eit oppkjøp stansa, medan tre andre samanslutningar vart tillate etter ei grundig  vurdering. I 2020 forbaud Konkurransetilsynet føretakssamanslutninga mellom Schibsted og Nettbil. I byrjinga av 2023 forkasta Høgsterett tilsynet si anke til staten over Gulating lagmannsretts dom som oppheva Konkurranseklagenemnda sitt vedtak frå 2021. Høgsterett var ikkje samd med konkurransestyresmaktene i at Finn og Nettbil var konkurrentar, og kom derfor til at føretakssamanslutninga mellom Schibsted og Nettbil kunne tillatast.

Ein viktig del av kontrollen med føretakssamanslutningar er krav om opplysningsplikt for enkelte aktørar i konsentrerte marknader. Opplysningsplikta gjer at aktørane må gje opplysningar om alle oppkjøp, òg dei som er under dei ordinære terskelverdiane for meldeplikt. I 2023 vidareførte Konkurransetilsynet krav om opplysningsplikt for utvalde aktørar i fleire marknader.

Ein av kjerneverdiane til Konkurransetilsynet er å halde eit høgt fagleg nivå i alle ledd og på alle område av tilsynsverksemda. I 2023 gjennomførte vi ei rekkje tiltak for å sikre dette, mellom anna leiarutvikling på fleire nivå i organisasjonen. Vi har òg lagt vekt på å ha gode interne prosessar med klart ansvar og godt samarbeid på tvers av avdelingar. Å halde eit høgt fagleg nivå er også nært knytt til kompetanse. For å sikre at vi har rett kompetanse vart det gjennomført tiltak for å sikra gode moglegheiter for kompetanseutvikling og alternative karrierevegar. Det kan òg nemnast at vi gjennomfører interne evalueringar etter alle store saker. Konkurransetilsynet skal ha ein profesjonell og serviceinnstilt kontakt med brukarar. Eit døme på korleis vi jobbar med slik kontakt, er at vi har regelmessige møter med Advoktatforeningen og bransjeforeiningar.

I 2023 har Konkurransetilsynet vore ein aktiv deltakar i alle formelle og uformelle fora som EØS-avtalen gir høve til. Dette inkluderer deltaking i 20 ulike arbeidsgrupper og sektorvise undergrupper i det europeiske konkurransenettverket European Competition Network (ECN). Tilsynet har òg delteke på to plenarmøter og to generaldirektørmøter, og halde Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) oppdatert om regelverksutviklinga på konkurranseområdet i EU. I 2023 har EU-kommisjonen sitt arbeid med Digital Market Acts, som skal regulere digitale plattformar, vore eit viktig fokusområde. I tillegg har Konkurransetilsynet hatt tett dialog med Efta sitt overvakingsorgan ESA og konkurransetilsyna i dei andre Efta-landa, mellom anna gjennom deltaking i Efta Competition Network.

Konkurransetilsynet sitt engasjement i det nordiske samarbeidet er særleg viktig. I tillegg til tett kontakt på leiarnivå, møtast dei nordiske konkurransestyresmaktene årleg for å diskutere aktuelle tema. Eit av temaa som vart diskutert i 2023 var konkurranseutfordringar i daglegvaremarknaden. Vidare samarbeider dei nordiske konkurransestyresmaktene aktivt i sju ulike nettverksgrupper. To av dei nyaste gruppene utvekslar erfaringar med teknisk etterforsking og analyse av data frå offentlege innkjøp. I 2023 har Konkurransetilsynet også leia arbeidet med ein nordisk om konkurranse og arbeidsmarknader.

Skjermdump fra Global Forum on Competition med tittelen Use of Economic Evidence in Cartel Cases og et bilde av 6 paneldeltakere.
I desember 2023 deltok konkurransedirektør Tina Søreide på et panel om økonomiske beviser i kartellsaker, i regi av OECDs konkurransekomité.

I 2023 har tilsynet òg hatt ei aktiv rolle i andre internasjonale fora. Deltakinga vår i OECD sin Konkurransekomité og det internasjonale konkurransenettverket (ICN) har vore viktige arenaer for å hente og dele kunnskap og erfaringar. I 2023 har Konkurransetilsynet vore med å leie arbeidet i ICN si arbeidsgruppe for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for vurdering av føretakssamanslutningar. Konkurransetilsynet har gjennom året hatt tett dialog med NFD om arbeidet vårt som representant for Noreg i OECD.

Det internasjonale arbeidet gir eit solid fundament for effektiv utføring av våre oppgåver med å handheve konkurranselova i Noreg, og sikrar at vi oppfyller samfunnet sine forventningar til effektiv konkurransepolitikk.

Forsidebilde for Konkurransepodden med bilde av programleder Siri Løken og gjest Hans-Petter H. Hanson,og tittelen "Konkurranse om arbeidstakere".
Konkurransepodden er en av plattformene tilsynet bruker for å informere om konkurranseloven.

For å vere synleg i norsk offentlegheit har Konkurransetilsynet i 2023 drive aktivt informasjonsarbeid om konkurranselova i ei rekkje ulike kanalar. Mellom anna er det offentleggjort ei rekke høyringsfråsegner, kronikkar, rapportar, fagartiklar, foredrag og tilsette har delteke på relevante konferansar. Konkurransetilsynet har òg arrangert den årlege juskonferansen i 2023. Tilsynet bruker sosiale medium aktivt, og har vidareført arbeidd med å produsere podkast og webinar om aktuelle tema. For å nå ut med informasjon til små og mellomstore føretak har vi arbeidd for å styrkje samarbeidet med næringslivet sine interesseorganisasjonar og lokale næringslivsforeiningar. Å nå ut med informasjon til dei som endå ikkje har gått ut i arbeidslivet er òg viktig. I løpet av 2023 kom åtte skuleklassar på besøk til Konkurransetilsynet for å lære meir om konkurransepolitikk.

For å vere meir synlege og sikre høg merksemd om våre saker og arbeidet vårt, har kommunikasjonsavdelinga arbeidd målretta med å sikra at tilsynet nyttar eit klart, tydeleg og forståeleg språk i kommunikasjonen vår. Det har vore gjennomført kurs for tilsette i klart språk. Klart språk er ei føresetnad for all offentleg kommunikasjon og dette er eit premiss i alt i frå pressemeldingar til intervju.

Aktivt informasjonsarbeid resulterte i over fem og eit halvt tusen medieoppslag i 2023.

Forside med tittelen "Konkurransetilsynets dagligvarerapport 2023"og et bilde av et handlenett med grønnsaker og egg. Daglegvaremarknaden har vore eit prioritert område for Konkurransetilsynet i mange år. For å nå målet om å styrkje konkurransen i daglegvaremarknaden, har Konkurransetilsynet etablert daglegvaremarknaden som eit eige satsingsområde. Saker relatert til denne marknaden vil bli prioritert.

I tillegg til å jobbe med etterforsking i den såkalla prisjegersaken, har tilsynet òg gitt ulike faglege råd og tilrådingar for å styrkje konkurransen i marknaden. Tilsynet har mellom anna vore tydelege mot aktørane i marknaden på at det å opplyse om prisendringar i media ikkje er bra for konkurransen. I 2023 har Konkurransetilsynet arbeidd vidare med å kartleggje prisforskjellar og årsaka til slike forskjellar, vurdert tiltak mot prisdiskriminering, og bidrege til at det vart etablert ei forskrift om negative servituttar på næringsareal knytt til daglegvaremarknaden. I  tillegg starta ei kartlegging av marginar i dei ulike ledda i verdikjeda. Vidare laga tilsynet ein rapport om korleis faste prisjusteringssystem kan ha bidrege til å avgrense konkurransen. Tilsynet har vidare halde fram kartlegginga av rammevilkår som kan påverke konkurransen i marknaden. Konkurransetilsynet har òg skrive høyringssvar, mellom anna har tilsynet tilrådd at dei konkurransefremjande verkemidla i meierisektoren blir vidareførte.

Alle tiltaka som det vart jobba med innan daglegvaremarknaden vart omtala i ein daglegvarerapport for 2023 som vart publisert ved årsskifte.

Digitalisering er ei viktig drivkraft for økonomisk vekst og produktivitetsutvikling. For å handtere utfordringane og bidra til å realisere potensialet, har Konkurransetilsynet etablert handheving i den digitale økonomien som eit eige satsingsområde.

Konkurransetilsynet prioriterer saker knytt til digitale marknader. Vi utviklar ny kompetanse i handheving av slike saker. Tilsynet deltek aktivt i dei undergruppene i ECN som gjeld den digitale økonomien og digitale marknader. I tillegg har tilsynet kontakt og samarbeid med både utanlandske og andre norske myndigheiter om spørsmål som gjeld handheving i den digitale økonomien.

Mot slutten av året vedtok leiinga i Konkurransetilsynet å etablere ei eining for data og analyse. Hovudmålet med eininga er fleirdelt: Den skal fungere som ei serviceeining for heile tilsynet, vere ei drivkraft i utviklinga av digitale løysingar, førebu verksemda på endringane som kjem med bruk av kunstig intelligens i arbeidskvardagen, og byggje opp evna til å samle inn og analysere store datamengder. Eininga skal hjelpe til med innsamling, handsaming, analyse og visualisering av data. I tillegg skal den støtte dei andre avdelingane med oppgåver som krev spesialisert digital kompetanse, og ta ansvar for større prosjekt som krev særskild digital kompetanse. Å utvikle kapasiteten og kompetansen i denne eininga blir ein nøkkelaktivitet i 2024.

Tilpassing til ei berekraftig utvikling er ei av dei store samfunnsutfordringane. Berekraft vil prege alle delar av næringslivet framover, og aktørar må omstille seg. I denne omstillinga spelar konkurranse ei nøkkelrolle. Konkurranse driv fram innovasjon og omstilling, og konkurransepolitikken er viktig for overgangen til ein berekraftig økonomi.

Ein sentral del av arbeidet til tilsynet i 2023 har vore å bidra med god informasjon om dei rammene føretaka kan operere innanfor for styrkje berekraft. For å styrkje rettleiinga, oppretta vi i 2022 ei eiga temaside om berekraft og konkurranse på Konkurransetilsynet si heimeside. Berekraft vart etablert som eit strategisk satsingsområde i 2022.

Vi har òg vore aktiv i pådrivararbeidet på området, mellom anna gjennom høyringsfråsegner. Her har tilsynet peika på tiltak for å styrkje konkurransen i marknaden for lading av elbilar, korleis konkurranse kan gi billigare utbygging av havvind, og at skjerpa miljøkrav ved offentlege anbod kan verke mot si hensikt. Konkurransetilsynet har vore synlege i debatten om viktigheita av konkurranse for å nå berekraftmål, gjennom kronikkar og podkastar.

Resultat i handhevinga

Å avdekke kartell og handheve reglane mot ulovleg samarbeid er eit av Konkurransetilsynet sine hovudoppdrag. Når føretak samarbeider på måtar som skadar konkurransen er det ulovleg. Dette kan vere når føretak blir einige om prisar, deler marknader seg imellom, utvekslar informasjon som dei ikkje skal, eller avgrensar kor mykje dei sel eller produserer. Slike samarbeid kan føre til at vi må betale meir for varer og tenester.

Konkurransetilsynet held oppsyn med alle typar marknader. Vi kan starte undersøkingar på grunnlag av eigne funn, klager frå andre, tips vi får inn, eller søknader om lemping (amnesti) frå føretak som rapporterer om eigne ulovlege handlingar. For å avdekke og stoppe ulovleg samarbeid, treng vi tips. På nettsida vår har vi ein funksjon som lar tipsarar snakke med oss anonymt og sikkert. Vi har teieplikt om tipsaren sin identitet både under og etter ei eventuell etterforsking.

Merksemda kring våre bevissikringar og etterforskingar har ein preventiv effekt, og førebyggjer potensielt ulovleg samarbeid mellom konkurrentar. Grunna pågåande etterforskingar i store krevjande sakar, vart det ikkje opna etterforsking i nye saker i 2023.

 

Pågåande etterforskingar

Konkurransetilsynet starta etterforsking og gjennomførte bevissikring i mai 2021 hos Apotek1 Gruppen (Apotek1), Norsk Medisinaldepot (Vitus apotek) og Alliance Healthcare (Boots). Tilsynet undersøker om aktørane har utveksla konkurransesensitiv informasjon. Etterforskinga er framleis pågåande.

Hausten 2021 vart det opna etterforsking og gjennomført bevissikring hos aktørar i marknaden for flyttetenester for mistanke om utveksling av konkurransesensitiv informasjon. Etterforskinga er pågåande.

Etterforskinga av Rema, Coop og NorgesGruppen held fram etter at tilsynet i desember 2020 varsla vedtak for brot på forbodet mot konkurransehemmande samarbeid. For nærare omtale sjå informasjon om dagligvaremarknaden under Prioriterte område

 

Avslutta etterforsking i marknaden for entreprenørtenestar

Hausten 2023 avslutta Konkurransetilsynet etterforskingssak mot aktørar i marknaden for entreprenørtenester.

 

Vedtak mot aktørar i bokmarknaden vart oppheva

Konkurransetilsynet ila 29. november 2022 gebyr på til saman 545 millionar kroner til forlaga Gyldendal, Cappelen Damm, Vigmostad & Bjørke og Aschehoug, samt Bokbasen, for ulovleg samarbeid i strid med konkurranselova § 10. Forlaga og Bokbasen vart skulda for å utveksle framtidige prisar og annan konkurransesensitiv informasjon. I november 2023 oppheva Konkurranseklagenemnda tilsynets vedtak, og saka er no endeleg avgjort.

I denne saken hadde Konkurransetilsynet ikkje høve til å bringe vedtaket inn for domstolsapparatet, men for framtidige saker vil tilsynet ha slik moglegheit etter ei lovendring.

Konkurransetilsynet tar til etterretning at Konkurranseklagenemnda har ei anna vurdering enn tilsynet i denne saken. Tilsynet går grundig gjennom vurderinga frå nemnda og vurderer om avgjersla kan påverke framtidige saker.

Ulovleg samarbeid

 

Konkurranselova § 10 forbyr samarbeid mellom føretak som har til formål eller verknad å hemme konkurransen.

Dette gjeld ikkje berre formelle avtalar, men også uformelt samarbeid som kan skade konkurransen. Til dømes  om to konkurrentar samtykkjer om å heve prisane sine, bryt dei lova.

Dette forbodet omfattar alle typar samarbeid, både føretak på same nivå (horisontalt) og mellom føretak på ulike trinn i verdikjeda (vertikalt).

Men, det er ein unntak: Det første føretaket som fortel Konkurransetilsynet om eit ulovleg samarbeid, kan sleppe  gebyr.

Dette kallar vi amnesti.

Resultatkjede knytt til Konkurransetilsynet sitt arbeid med kartellavdekking/ulovleg samarbeid

INNSATSFAKTORAR
• Ressursar frå alle marknadsavdelingane og stabar
• Oppretthalde ressursbruk i prioriterte etterforskingssaker

AKTIVITETAR
• Pågåande etterforsking mot aktørar i daglegvaremarknaden
• Pågåande etterforsking mot aktørar i ein helserelatert marknad
• Avslutta etterforsking mot aktørar i marknaden for flyttetenester
• Vurdering av tips om kartell og ulovleg samarbeid
• Aktiv deltaking i internasjonale arbeidsgrupper om avdekking av kartell, metodar for etterforsking osv.
• Aktiv dialog med offentlege innkjøparar og aktørar i næringslivet, informasjon om lemping og tipsordning, synleg i media

PRODUKT/TENESTER
• Gebyr som var pålagt Gyldendal, Cappelen Damm, Vigmostad & Bjørke, Aschehoug og Bokbasen for ulovleg samarbeid i bokmarknaden blir oppheva
• Utarbeidd informasjonsmateriale om risiko knytt til ulovleg samarbeid

BRUKAREFFEKTAR
• Tovegs anonym dialog gjennom tipskanal legg til rette for fleire tips om ulovleg samarbeid
• Verksemd retta mot offentlege innkjøparar og næringslivsaktørar er utført for å fremje avdekking av ulovleg samarbeid mellom konkurrentar

SAMFUNNSEFFEKTAR
• Utveksling av informasjon om pris, marknadsdeling og andre former for ulovleg samarbeid går utover forbrukarane, som må betale ein høgare pris enn om føretaka hadde konkurrert. Når ulovleg samarbeid blir stansa eller forhindra, vil fordelane av konkurranse komme forbrukarane til gode i form av meir innovasjon, lågare prisar og betre utval.

Vedtak om lovbrotsgebyr for ulovleg samarbeid og misbruk av dominans 2013-2023

Pågåande etterforskingssaker

I februar 2022 vart det gjennomført bevissikring hos KLP, Norges største pensjonsselskap, for mistanke om brot på konkurranselova § 11.. Mistanken gjeld KLP si verksemd i marknaden for tenestepensjon, og det er teke beslag i relevant materiale for å få bekrefta eller avkrefta mistanken om brot på konkurranselova. Med over 710 000 nordmenn som mottar pensjon gjennom KLP og 948 milliardar kroner i forvaltningskapital, spelar verksemda ei viktig rolle for mange i offentleg sektor, spesielt for i norske kommunar. Etterforskinga er pågåande.

Avhjelpande tiltak

Føretak som Konkurransetilsynet etterforskar, kan foreslå avhjelpande tiltak når som helst under etterforskinga. Desse tiltaka kan vere endringar i eiga åtferd eller strukturelle endringar i føretaket for å redusere konkurranseproblema saka bringer fram. Å føreslå slike tiltak betyr ikkje at føretaka innrømmer skuld. Når Konkurransetilsynet bestemmer seg for å sette i verk avhjelpande tiltak, er dette uavhengig av om det er brot på konkurranselova. Eit vedtak om slike tiltak forpliktar føretaka til å etterleve krava.

Misbruk av dominans

Konkurranselova § 11 forbyr føretak med dominerande marknadsstilling å misbruke posisjonen sin. Eit føretak er dominerande dersom det kan handle uavhengig av konkurrentane, kundane, og forbrukarane. Føretak i ein slik posisjon har eit særleg ansvar for å unngå at deira åtferd hemmar konkurransen. Misbruk kan innebere handlingar som underprising, lojalitetsrabattar, eksklusivavtalar, marginskvis, leveringsnekt eller urimelege forretningsvilkår.

Du finn meir informasjon om kva dette inneber på sida vår om misbruk av dominerande stilling.

Resultatkjede knytt til Konkurransetilsynet si handheving av forbodet mot misbruk av dominans

INNSATSFAKTORAR
• Ressursar frå alle marknadsavdelingar og stabar
• Prioritering av saker etter ressursbruk og effektar

AKTIVITETAR

• Pågåande etterforsking mot KLP i marknaden for tenestepensjon
• Vurdering av tips og klager om mogleg misbruk av dominans

PRODUKT/TENESTER
• Etterforskingssaka mot KLP følger planlagde milepælar, inkludert kontakt og dialog med selskapet samt rettslege avklaringar.

BRUKAREFFEKTAR

• Marknadsaktørar med dominerande stilling er forventa å etterleve konkurranselova og tilpasse praksis til regelverket. Andre aktørar kan lettare konkurrere med det dominerande føretaket, og nye aktørar kan etablere seg i marknaden. Betre forståing for konsekvensar av misbruk av dominans hos forbrukarar.

SAMFUNNSEFFEKTAR

• Forbrukarar og andre aktørar har eit reelt val av leverandørar av varer og tenester
• Konkurranse kan bidra til lågare prisar og betre tilbodet av produkt og tenester

Konkurransetilsynet har som oppgåve å sikre at konkurransen i marknaden er effektiv og rettferdig. Dette inneber at vi ser nøye på korleis føretak er organiserte og samansette når vi får meldingar om føretakssamanslutningar. I vurderinga legg vi vekt på om føretakssamanslutninga førar til ein betydeleg svekking av konkurransen i marknaden. Gjennom § 16 i konkurranselova kan vi forby fusjonar og oppkjøp som kan skade konkurransen. Men vi kan òg godkjenne slike samanslåingar, så lenge dei held konkurransen i hevd og sikrar at forbrukarane ikkje tapar på det.

Lurer du på korleis vi hindrar fusjonar og oppkjøp for å halde på ein god konkurransesituasjon i marknaden over tid? Les meir her.

I 2023 vart fire saker avslutta i fase II etter varsel om mogleg inngrep var sendt. I saka som gjaldt Norwegian sitt oppkjøp av Widerøe var det òg sendt eit grunngjeve varsel om vedtak om forbod.

Meldeplikt for fusjonar og oppkjøp

I følgje konkurranselova §18, må føretak melde frå om fusjonar og oppkjøp til Konkurransetilsynet dersom dei samla har ei årleg omsetning på over 1 milliard kroner. Men, dersom berre eit av selskapa omset for meir enn 100 millionar kroner, treng dei ikkje melde frå.

For fusjonar som overstig desse grensene, er det ikkje lov å fullføre samanslutninga før Konkurransetilsynet har mottatt meldinga og behandla saka.

Konkurransetilsynet kan også krevje at føretak melder frå om fusjonar under desse grensene. Dette kan skje dersom vi trur at fusjonen kan påverke konkurransen, eller dersom det er andre spesielle grunnar til at vi må sjå nærare på saka.

Les meir om arbeidet vårt med fusjonar og oppkjøp her.

ØB Group og Betongvarer

Våren 2023 la Konkurransetilsynet ned forbod mot ØB Group sitt oppkjøp av Betongvarer. Tilsynet kom til at oppkjøpet ville føre til redusert konkurranse i ein lokal marknad for ferdigbetong, og dermed høgare prisar på ferdigbetong. Vedtaka vart ikkje påklaga til nemnda.

Axess Logistics AS – Auto Transport Service AS konkursbu

I januar vart saka som gjaldt Axess Logistics sitt kjøp av Auto Transport Service sitt konkursbu avslutta. Tilsynet vurderte nærare effektane av kjøpet. Etter ei konkret vurdering kom tilsynet til at det ikkje var tilstrekkeleg bevist at oppkjøpet vil føre til ei betydeleg  svekking av konkurransen i marknaden for “Finished Vehicle Logistics” (FVL). FVL-tenester omfattar klargjering og transport av køyretøy frå produksjonslokalet til forhandlaren eller sluttkunden.

Skion Water International og Enwa

Saka om Skion Water International sitt kjøp av Enwa vart avslutta i april. Det var ikkje i tilstrekkeleg grad sannsynleggjort at føretakssamanslutninga mellom Skion og Enwa i betydeleg grad ville hindre effektiv konkurranse i marknaden for utstyr og tenester knytt til vatnbehandling av badeanlegg. Tilsynet kom til at det er lågare tersklar for nye aktørar å etablere seg i marknaden for utstyr og tenester knytt til vatnbehandling og badeanlegg enn kva som fyrst var anteke. Vidare har kundar moglegheita til å utlyse anskaffingar som tilbodskonkurransar, noko som kan føre til fleire konkurransedyktige leverandørar, uavhengig av deira tidlegare marknadsandelar.

Nordea og Danske Bank

I juni 2023 varsla Danske Bank at dei ville trekke seg ut av det norske privatmarknaden for å styrkje si rolle som forretningsbank. Nordea varsla oppkjøp av privatkundeverksemda månaden etter. I desember avslutta Konkurransetilsynet handsaminga av saka utan inngrep. Med dette kjøpet overtok Nordea 285 000 norske kundar og auka marknadsandelen sin med fem prosent. Tilsynet vurderte at fusjonen ikkje ville svekke konkurransen betydeleg innan lån, private banking eller kollektive avtaler, og såg potensiale for effektivitetsgevinstar til fordel for kundane.

Norwegian og Widerøe

I august varsla Norwegian føretakssamanslutninga med Widerøe. Ifølgje selskapa vil oppkjøpet styrkje tilbodet til passasjerane ved å knyte Widerøes regionale rutenett nærare saman med Norwegians nasjonale og internasjonale ruter. Konkurransetilsynet gjennomførte ei grundig vurdering og valde å avslutte saka utan inngrep fordi det ikkje var tilstrekkeleg klart at samanslutninga ville hindre effektiv konkurranse i marknaden for kommersiell lufttransport i betydeleg grad. Til saman skal selskapa fly totalt 107 ulike rutar i Norge kor berre fem rutar overlappar. Planen er at Widerøe framleis skal bestå som eige flyselskap, med eiga merkevare, organisasjon og hovudkontor i Bodø. Dermed vart Norwegian sitt kjøp av Widerøe godkjent i desember.

Tal på mottekne meldingar om føretakssamanslåingar 2013-2023 (glidande gjennomsnitt)

Avslutning av fusjonssaker der Konkurransetilsynet har sendt varsel om mogleg inngrep 2013-2023

Resultatkjede fusjonskontroll

INNSATSFAKTORAR
• Alle marknadsavdelingane arbeider med fusjonskontroll
• Juridisk og økonomisk stab gir støtte i prioriterte saker, med informasjonspålegg, marknadsundersøkingar med meir
• Prioritering av saker etter ressursbruk og marknadseffektar

AKTIVITETAR
• Konkurransetilsynet fekk 113 meldingar om føretakssamanslutningar
• Avslutta 108 meldingar om føretakssamanslutningar innan 25 verkedagar
• Påla og følgde opp opplysningsplikt i konsentrerte marknader
• Marknadsovervaking for å vurdere behov for pålegg av meldeplikt eller opplysningsplikt, og pålagt meldeplikt der nødvendig

PRODUKT/TENESTER
• Føretakssamanslutninga mellom ØB Group og Betongvarer vart forboden
• Føretakssamanslutninga mellom Axess Logistics og Auto Transport Service konkursbu godkjend
• Føretakssamanslutninga mellom Skion Water International og Enwa godkjend
• Føretakssamanslutninga mellom Nordea og Danske Bank godkjend
• Føretakssamanslutninga mellom Norwegian og Widerøe godkjend

BRUKAREFFEKTAR
• Føretaka etterlever meldeplikt og opplysningsplikt
• Føretaka skrinlegg planar om konkurranseskadelege fusjonar og oppkjøp
• Ordning med forenkla melding og dei raske avklaringane til tilsynet der det er mogleg gjer at næringslivsaktørane kan gjennomføre fusjonar og oppkjøp som ikkje skadar konkurransen raskare

SAMFUNNSEFFEKTAR
• Konsentrasjonsaukar som ville ha ført til dårleg konkurranse blir førebygde
• Forbrukarar hadde merka konkurranseavgrensing i marknadene i form av høgare prisar, dårlegare utval og mindre innovasjon

Prioriterte område

Daglegvaremarknaden har lenge vore ein marknad Konkurransetilsynet har prioritert høgt. 2023 var prega av inflasjon og markant prisauke på matvarer, med nesten 10 prosent gjennom året. Forklaringa handlar om fleire forhold: krig i Europa, høgare råvare- og transportkostnadar, samt etterverknadar av pandemien. I ein så viktig marknad er det avgjerande at konkurransen fungerer godt, slik at prisane på matvarer vil falle når kostnadene gjer det.

Konkurransetilsynet er nøgd med at det var mykje debatt rundt konkurransen i daglegvaremarknaden òg i 2023. Auka merksemd rundt dette temaet bidreg til betre kunnskap og meir bevisste forbrukarar, som igjen kan styrkje konkurransen.

Næringsministeren varsla tre tiltak for daglegvaresektoren den 12. januar 2023: marginstudie i daglegvaremarknaden, undersøking av mogleg signalisering av pris i media, og ei undersøking av prisdanning i daglegvaremarknaden. Konkurransetilsynet fekk i supplerande tildelingsbrev 1. februar 2023 oppdrag å følgje opp desse tiltaka. To av oppdraga vart fullførte i 2023, medan marginstudiet krev noko lenger tid å gjennomføre.

For Konkurransetilsynet er det viktig å trekke merksemd mot tydinga av sunn konkurranse i alle ledd i verdikjeda, frå bonden til forbrukar. Konkurranse er ikkje berre bra for forbrukarane, men òg for dei som produserer råvarene som nyttast i dei produkta vi kjøper i butikkane. Tilsynet er engasjert i pådrivararbeid i heile sektoren og held tett kontakt med aktørar på alle ledd i kjeda.

Opplysningsplikt

Konkurransetilsynet kan etter konkurranselova § 24 krevje at føretak gir opplysningar ved fusjonar og oppkjøp, særleg i marknader med svak konkurranse eller høg marknadskonsentrasjon.

Dette er fordi sjølv kjøp av mindre føretak kan skade konkurransen, og potensielt føre til høgare prisar og dårlegare tilbod for forbrukarane.

Føretak må derfor informere om alle føretakssamanslåingar, sjølv dei som er under grensa for meldeplikt.

Opplysningsplikta varer i to år.
Les meir her.

I det følgjande omtalast nokre av dei viktigaste aktivitetane i 2023.

Etterforskingssaka mot Rema, Coop og NorgesGruppen

I desember 2020 varsla Konkurransetilsynet vedtak mot Rema, Coop og NorgesGruppen for brot på forbodet mot konkurransehemmande samarbeid. I varselet er den foreløpige vurderinga at kjedene har samarbeida om å gje kvarandre sine prisjegerar tilgang til butikkane sine, slik at kjedene kan overvake og tilpasse seg prisane til konkurrentane. Tilsynet si vurdering i varselet er at dette samarbeidet har avgrensa priskonkurransen mellom daglegvarekjedene.

Etterforskinga held fram og er høgt prioritert av Konkurransetilsynet. Tilsynet har beslaglagt store mengder dokumentasjon frå kjedene, i tillegg til å hente informasjon frå andre kjelder. Partane har levert omfattande tilsvar og kommentarar til varselet, inkludert økonomiske og juridiske rapporter. Tilsynet vurderer materialet grundig og vil deretter konkludere.

Lokal konkurranse

I 2023 gjennomførte Konkurransetilsynet ei grundig kartlegging av den lokale konkurransen i daglegvaremarknaden. Tilsynet oppdaga at ein del av daglegvarekjedene sin omsetning er skjerma for lokal konkurranse og identifiserte lokalområda med spesielt høg konsentrasjon.

Daglegvarekjedene treng nasjonalt nærvær for å kjempe om kundane der dei er, nemleg i sine lokale marknader. Den lokale og nasjonale konkurransen er derfor i samspel. Lokal marknadsmakt påverkar kjedene sine nasjonale prisar og kan føre til høgare prisar. Samtidig setter dei nasjonale prisane vilkår for lokal konkurranse. Det er derfor viktig at tilsynet følgjer med på lokale konkurranseforhold.

Margin og lønnsemdstudie                             

Næringsministeren kunngjorde i januar 2023 at marginane i daglegvaremarknaden skulle undersøkast nærmare som ei følge av den høge prisveksten på daglegvarer. Konkurransetilsynet fekk i oppdrag å følge opp tiltaket på ein egna måte, og vedtok å kartleggje dei siste åras utvikling i både produktmarginar og lønnsemd på verksemdsnivå, hos daglegvarekjedene og eit utval leverandørar. Resultata skal brukast i arbeidet med å styrkje konkurransen i daglegvaremarknaden.

Undersøkingane vil gje unik innsikt i konkurransen i verdikjeda for daglegvarer. Mellom anna vil dei vise om prisøkningane dei siste åra var knytt til kostnadsaukingar hos leverandørar eller kjeder, eller om det var marginane som auka; korleis auka kostnader bevegar seg nedover i verdikjeda, og korleis auke i etterspurnad bevegar seg oppover i verdikjeda; forholdet mellom marginar hos eigne merkevarer (EMV) og merkevaremarginar; og om nokon deler av verdikjeda er særleg lønsame over tid.

Nærings- og fiskeridepartementet inviterte aktørane til eit innspelsmøte i juni 2023, der dei fekk leggje fram innspel til korleis undersøkinga burde gjennomførast. I etterkant har tilsynet innhenta store mengder informasjon og hatt fleire møter med aktørane. Arbeidet med å kvalitetssikre og ferdigstille resultata vil halde på inn i 2024.

Prisdanning i daglegvaremarknaden 
15. desember 2023 publiserte Konkurransetilsynet rapporten om effekten av vindauga for prisjustering på konkurransen i daglegvaremarknaden. Ordninga med vindauge for prisjustering går tilbake til 2001 og inneber at endringar i leverandøranes listepris skjer til to faste tidspunkt kvart år, 1. februar og 1. juli. Rapporten konkluderte med at ordninga med faste prisjusteringar sannsynlegvis har virket konkurransehemmande, og at det vil vere til fordel for konkurransen viss dette systemet stansar.

Funna i rapporten gir viktig informasjon til konkurransemyndigheitene sitt vidare arbeid med daglegvaremarknaden. Les rapporten her

Prissignalisering/kommunikasjon av prisar i media

Utover hausten 2022 og vinteren 2023 såg ein ei auke i medieoppslag der aktørar i daglegvaremarknaden uttala seg om venta prisstigningar i etterkant av det såkalla vindauget for  prisjustering 1. februar 2023. Slik informasjon kan skade konkurransen og føre til høgare prisar. Etter møter med fleire sentrale aktørar i daglegvaremarknaden snudde trenden, og tilsynet observerte at dei fleste daglegvareaktørane no svarar på spørsmål om framtidig prising med å seie at dette er informasjon som ikkje bør delast i media.

I møta vart aktørane oppmoda til å avstå frå å kommunisere kommande prisaukingar i media. Sjølv om signalisering av pris kan vere forbode etter konkurranselova, var ingen av møta baserte på mistanke om ulovleg åtferd.

Sjølv om Konkurransetilsynet meiner at møta gav positive resultat, held tilsynet fram med å vere særleg årvakne på kommunikasjon om framtidige prisar i daglegvaremarknaden.

Kartlegging av forskjellar i innkjøpsprisar

Konkurransetilsynet har sidan 2018 samla inn detaljert informasjon om kva dei tre største daglegvarekjedene betaler for varene frå ei rekke av dei største leverandørane i marknaden. Kartlegginga av prisforskjellar er ein viktig del av Konkurransetilsynet si oppfølging av daglegvaremarknaden, og vil derfor halde fram som ein del av tilsynet sitt arbeid med konkurransen i marknaden.

Kartlegging av forskjellar i innkjøpsprisar viser at forskjellane har gått vesentleg ned frå undersøking starta.

Høyring om forslag til reduksjon i dei konkurransefremmande tiltaka i meierisektoren

Dei konkurranseframande tiltaka i meierimarknaden vart innført i 2007 og hadde til formål å styrkje konkurransen i meierimarknaden ved å kompensere for ulike ulemper aktørar møter i konkurransen mot Tine.

Regjeringa sendte 10. juli 2023 på høyring eit forslag om å redusere dei konkurransefremmande tiltaka. Forslaget innebar å fjerne distribusjonstilskotet på mjølk og ein del av den spesielle kapitalgodtgjeringa til meieriselskap utanom Tine. Konkurransetilsynet advarte i sitt høyringssvar mot at forslaget ville føre til ein svekking av ein allereie svak og skjør konkurranse i meierimarknadene.

Regjeringa har likevel vedtatt å kutte i dei konkurransefremmande tiltaka i samsvar med forslaget. Endringane trer i kraft 1. juli 2024.

Daglegvarerapport

Konkurransetilsynet har publisert ein daglegvarerapport for 2023. I rapporten skildrar tilsynet konkurransen i marknaden og forklarer bakgrunnen for det arbeidet tilsynet gjer. I rapporten peikar tilsynet på kva tiltak som må til for å betre forholda for sunn konkurransen i marknaden.

Resultatkjede for Konkurransetilsynet sitt arbeid i daglegvaremarknaden

INNSATSFAKTORAR
• Ressursar frå avdeling for mat, handel og helse og andre einingar i tilsynet
• Prioritering av ressursar til daglegvaremarknaden

AKTIVITETAR
• Generell marknadsovervaking
• Etterforskar sak om ulovleg samarbeid i sak der det er varsla milliardgebyr
• Kartlegging av forskjellar i daglegvarekjedene sine innkjøpsprisar frå dei 16 største leverandørane i marknaden
• Svar på høyring om endringar i dei konkurransefremmande tiltaka til konkurrentar til Tine
• Rapport om praksisen med vindauge for prisjustering
• Studie av marginar og lønnsemd iverksett
• Arbeid mot signalisering av priser i daglegvaremarknaden
• Undersøking av lokal konkurranse på butikknivå
• Vurderingar av fusjonsmeldingar og kontroll av om opplysnings- og meldeplikt etterlevast
• Jamlege møter med Dagligvaretilsynet, Forbrukarrådet og Landbruksdirektoratet
• Møter med ulike aktørar i marknaden
• Deltaking på næringsministeren sitt seminar om daglegvaremarknaden, Arendalsuka, Debatten, Dax18, innlegg på DLF Generalforsamling, innlegg hos Oslo Economics om konkurransen i meierimarknadene, deltaking i podkast for Virke og Konkurransetilsynet

PRODUKT/TENESTER
• Rapport om prisjusteringsvinduer i daglegvaremarknaden
• Høyringssvar
• Dagligvarerapport for 2023 (publisert januar 2024)
• Kronikkar
• Opplysningsplikt om daglegvarebutikkar
• Påpeiking til kommunar

BRUKAREFFEKTAR
• Bidreg til at aktørar i daglegvaremarknaden følgjer konkurranselova
• Marknadsovervaking disiplinerer aktørane i marknaden
• Meir opplyste forbrukarar

SAMFUNNSEFFEKTAR
• Betre konkurranse i daglegvaremarknaden kjem forbrukarane til gode ved lågare prisar, meir innovasjon og betre utval

Konkurransetilsynet rettar særleg merksemd mot konkurransen i digitale marknader. På internasjonalt plan har tilsynet i 2023 som tidlegare delteke i det europeiske konkurransenettverket (ECN) si gruppe for utforming av DMA. Tilsynet har òg delteke i ECN si gruppe for konkurranse i den digitale marknaden. Vidare har Konkurransetilsynet ambisjonar om å bli endå betre til å handtere utfordringar knytt til konkurransen i digitale marknader og marknadsaktørar sin aukande bruk av digitale verktøy som kan gi konkurranseskade. Det er derfor sett i gang fleire interne prosjekt som skal auke tilsynet sin kompetanse på området og gjere oss enda betre i stand til å avdekke konkurranseproblem i den digitale økonomien.

Maskinlæringsplattforma

Ei stor satsing for Konkurransetilsynet i 2023 var etableringa av ein maskinlæringsplattform. Plattforma vil blant anna gjere det mogleg å studere korleis prisingsalgoritmar fungerer i praksis, og gjev nye moglegheiter i behandlinga av kvantitative og kvalitative analysar av marknadsdata frå ei rekkje interne og eksterne kjelder ved å nytte maskinlæring og kunstig intelligens. Dessutan arbeidar vi med behandling av andre typar data, som å transkribere tale til tekst og med oppsummering og indeksering av dokument. Vi samarbeider med nye føretak som kan forbetre og utvide vår portefølje av analysar, samstundes som vi aukar kvaliteten og hastigheita på analysane.

Kartellavdekking har lenge vore eit høgt prioritert område for Konkurransetilsynet. Offentlege anskaffingar utgjer per 2023 om lag 700 milliardar kroner, og avdekking av sjølv små kartell vil føre til store offentlege sparingar. Vi samarbeider tett med andre offentlege etatar, som Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, om utveksling av data for å betre forstå ulike marknader, og avdekke potensielle kartell. I tett samarbeid med andre konkurransemyndigheiter utvekslar og utviklar vi metodar for kartellavdekking for å sikre at analysane våre er gode nok til å avdekke nye typar ulovleg samarbeid og alvorlege brot på konkurranselova.

Marknadsetterforskingsverktøyet

Våren 2023 sendte Nærings- og fiskeridepartementet  eit forslag om å gje Konkurransetilsynet eit nytt verktøy for å handtere utfordringar i digitaliserte marknader på høyring. Forslaget inneber ei endring i konkurranselova slik at Konkurransetilsynet kan setje i gang undersøkingar dersom det er forhold som tilseier at konkurransen i ein marknad eller delar av ein marknad er avgrensa, eller står i fare for å bli avgrensa. Vidare kan tilsynet, etter å ha gjennomført ei grundig analyse av konkurranseforholda i den konkrete marknaden, treffe vedtak om avhjelpande tiltak for å styrkje konkurransen.

I omtalen av behovet for ny lovgjeving vart det vist til at det er naudsynt å endre konkurranselova for å handtere utfordringar knytt til digitaliseringa av økonomien. I Konkurransetilsynet sitt høyringssvar vart det peika på at auka digitalisering og meir komplekse marknader understrekar behovet for å få på plass eit regelverk som også gir rammer for handtering av framtidige utfordringar. Konkurransetilsynet deler departementet si uro for at auka bruk av algoritmar kan leggje til rette for stillteiande samarbeid, og at dagens lovgjeving ikkje i tilstrekkeleg grad er egna til å løyse slike utfordringar. I tillegg kan behovet for marknadsetterforsking gjere seg gjeldande i framveksande marknader, til dømes marknader der det er tilbod av tenester som i stor grad er basert på bruk av kunstig intelligens.

Prisalgoritmar

I juni 2023 bidrog Konkurransetilsynet med ein artikkel til OECD om konkurransemessige effektar av at føretak bruker algoritmar for prising. Disse algoritmane, som justerer prisar automatisk basert på konkurrentar sine prisar og marknadsforhold om tilbod og etterspørsel, har blitt stadig meir utbreidd blant norske føretak. Allereie i 2021 observerte tilsynet at slik teknologi var ganske vanleg blant norske føretak, og vi forventar at bruken vil fortsetje å auke. Det positive er at algoritmane kan gi store effektivitetsgevinstar ved at dei mogleggjer rask og nøyaktig tilpassing til marknadsendringar, spesielt i marknader prega av betydeleg kortsiktige svingingar av tilbod- og etterspurnad. Men sjølv om algoritmebasert prising kan være bra for forbrukarane, er det også klar risiko for at slik teknologi svekker konkurransen.

Konkurransetilsynets OECD-bidrag analyserer ny økonomisk forsking og samanfattar både kva positive og negative verknader algoritmeprising kan ha, og skildrar moglege tiltak som kan avhjelpe skadelege verknader. Konkurransetilsynet vil fortsette å følgje nøye med på utviklinga knytt til algoritmeprising for å vere best mogleg i stand til å gjere noko der det oppstår konkurranseskade.

Berekraftig utvikling og konkurransepolitikk står sentralt i Konkurransetilsynets arbeid. Berekraft vil prege alle deler av næringslivet framover, noko som krev at aktørar må tilpasse seg. Gjennom konkurransepolitikken ser vi på konkurranse som eit kraftfull verktøy for innovasjon, omstilling, og ein katalysator for ein berekraftig utvikling av norsk økonomi.

Konkurransereglane må brukast og handhevast på ein måte som fremjar berekraft. Det betyr at Konkurransetilsynet aktivt handhevar brot på konkurranselova som hemmar berekraft. Samtidig er konkurransetilsynet opptekne av at konkurransereglane ikkje skal stå i vegen for samarbeid som er positive for ein berekraftig utvikling. I 2023 har vi oppdatert temasidene om berekraft og konkurranse, for å rettleie føretak om kva slag samarbeid er lovleg, og forklare korleis standardar for berekraft kan støtte både konkurranse og berekraft.

Bidrag til grøn omstilling

Konkurransetilsynet har aktivt bidratt til å fremje god konkurranse i marknader som er viktige for berekraft og for at Noreg skal nå sine klimamål. I 2023 har Konkurransetilsynet mellom anna levert ei rekke høyringssvar relatert til marknader og tema som er viktige for den grøne omstillinga, til dømes:

•  Havvind, der vi har argumentert for betre konkurranse i tildelinga av areal. Dette er viktig fordi det kan føre til meir kostnadseffektive og berekraftige løysingar ved å inkludere fleire aktørar tidleg i tildelingsprosessen.

•  Forenklingar i regelverket for brukthandel. Endringar som blir føreslått vil gjere det enklare å handle med brukte varer, noko som vil fremje gjenbruk og bidreg til eit meir berekraftig forbruk. Initiativet er eit viktig ledd i å fjerne hindringar for nye forretningsmodellar, som bidrar til innovasjon og ein sunn konkurranse i marknaden for brukthandel.

•  Obligatorisk kortbetaling for alle ladeaktørar for elbilar. Vi har uttrykt skepsis til forslaget, på grunn av på risikoen for at slik regulering kan auke kostnadane og hindre utbygginga av ladestasjonar. Vi argumenterer for at aktørane sjølve bør kunne velje betalingsløysing, og foreslår heller å behalde kravet om moglegheit for lading utan avtale med operatøren, for å fremje fleksible og brukarvennlege løysingar.

•  Miljøkrav i offentlege anskaffingar, der vi har uttrykt bekymring for at skjerpa krav kan føre til ineffektiv bruk av offentlege midlar utan å nødvendigvis fremje miljømål. Vi har argumentert for fleksibilitet og teknologinøytrale løysingar som kan oppnå utsleppskutt på ein meir kostnadseffektiv måte, samtidig som det stimulerer til innovasjon og konkurransefordelar.

 

Konkurransetilsynet har òg på andre måtar vore aktive i debatten om betydninga av konkurranse for å nå mål for berekraft, mellom anna gjennom kronikkar og Konkurransepodden. Vi har

•  Understreka viktigheita av å auke forbruket av berekraftige produkt.

•  Vist korleis forbrukarval kan forbrukarval kan drive fram innovasjon, og gjere berekraftige produkt meir tilgjengelege og billegare over tid. .

•  Vist at forbrukarmakt kan bidra til miljøvennlege alternativ som suksessen med elbil har vist.

•  Lagt vekt på viktigheita av aktiv konkurransepolitikk, mellom anna gjennom ein podkastepisode om ein sak der EU ila gebyr til emballasjeprodusentar for ulovleg prisauke på miljøvennlege syltetøylokk.

Anna arbeid

Konkurransetilsynet skal vere ein pådrivar for velfungerande konkurranse. Å vere synlege og gje rettleiing skal føre til betre kunnskap om Konkurransetilsynet sitt arbeid og auke næringslivet si kjennskap til konkurransereglane og etterleving av desse. Auka merksemd om konkurranse som verkemiddel for effektiv ressursbruk kan bidra til utvikling av betre løysingar, inkludert endringar i reguleringar som opnar for auka konkurranse. Vi har stor variasjon i våre pådrivar- og rettleiingsaktivitetar, noko som kjem fram i tabellen nedanfor. Våre tiltak og kanalar for å auke kunnskapen om konkurranselova spenner frå mykje merksemd i media til enkle innlegg i sosiale medium. Vi har fleire viktige målgrupper å nå, og derfor er det naudsynt å vere aktive med informasjonsarbeid på mange ulike flater og nivå.

Rettleiing

Konkurransetilsynet er opptatt av å tilby rettleiing til ulike aktørar som tek kontakt, og vi gjer dette på ein rekkje ulike måtar. Tilsynet har omfattande informasjon om konkurranselova på heimesidene, og svarar generelle spørsmål på telefon og fysiske møter. Vi held foredrag og innlegg på kurs og konferansar når vi blir inviterte av bransjeorganisasjonar eller andre relevante aktørar. I januar vidareførte vi opplysningsplikta til aktørar i konsentrerte marknader og lanserte videoar for enkel innføring i konkurransereglane.

Tilsynet kan ikkje rettleie i konkrete saker, men kan tilby generell informasjon om reglar og om tidlegare praksis. Tilsynet sine vedtak inneheld omfattande rettslege og økonomiske vurderingar som kan overførast til andre sakar og problemstillingar. Ekspertane våre skildrar aktuelle tema innanfor konkurranselovgjevinga i Konkurransepodden og ulike kronikkar om emnar som effektiv konkurranse, prisregulering, og fusjonskontroll. Den årlege juskonferansen i juni tilbyr også verdifull rettleiing og innsikt i norsk og EU/EØS lovgjeving.

Konkurransehemmande reguleringar

Tilsynet lanserte i 2021 ein tipsfunksjon kor næringsdrivande og andre kan tipse oss om reguleringar som blir oppfatta som konkurransehemmande. I 2023 fekk vi 72 tips som vart vurdert for oppfølging. Desse tipsa bidreg til at Konkurransetilsynet kan ta hand om oppgåvene sine etter konkurranselova § 9e, som er å påpeike konkurranseregulerande verknader av offentlege tiltak.

Resultatkjede pådrivar for konkurranse

INNSATSFAKTORAR

• Ressursar frå kommunikasjonsstab, stab for eksterne relasjonar og marknadsavdelingane
• Medieovervaking

AKTIVITETAR 2023
Besøk på konkurransetilsynet.no 381 063
Nynorsk innhald på kt.no 25,8%
Miljøklassifisering konkurranstilsynet.no A (Carbon rating)
Total abonnentar på nyheitsvarsel frå Konkurransetilsynet 902
Følgjarar på sosiale medium 8748
Nynorsk innhald på sosiale medium 32,6%
Rettleiing telefon Ikkje talfesta
Tal webinar 4
Føredrag 33
Innsynsbegjæringar 775 (offentleg innsyn)
Tal podkastepisodar 6
Total nedlasting av podkast 10,256
Tal kronikkar 15
Tal konferansar 1
Tal høyringsfråsegn 15
Tal rapportar 2
Tal påpeikingar 1
Tal skulebesøk 8
Tal tips konkurransehemmande reguleringar 72
Tal medieoppslag 5,692
Klart språk-kurs internt 6
Møter med partar og næringsliv Ikkje talfesta

 

PRODUKT/TENESTER
• Auka merksemd

BRUKAREFFEKTAR
• Auka kjennskap til Konkurransetilsynet sitt arbeid og konkurranselova
• Fleire føretaksleiarar gjer aktive tiltak for å syte for at verksemda følgjer konkurransereglane
• Fjerne konkurransehemmande reguleringar for å få virksom konkurranse

SAMFUNNSEFFEKTAR
• Velfungerande marknader som gir lågare priser, betre utval og kvalitet, og større grad av innovasjon

I 2023 har Konkurransetilsynet styrka si rolle i viktige internasjonale fora. Vi har vore aktive i OECDs Konkurransekomité og Europeiske konkurransenettverket (ECN). Vi samarbeider òg med nordiske og internasjonale partnarar gjennom det nordiske samarbeidet og International Competition Network (ICN). Gjennom dette samarbeidet deler vi kunnskap og lærer av andre, noko som er styrkar vår evne til å fremje rettferdig konkurranse. Nokre høgdepunkt frå det internasjonale arbeidet er følgjande:

•  Gjennom EØS-avtalen har vi ansvar for å handheve konkurransereglane. I 2023 deltok vi i både formelle og uformelle møter knytt til EØS, noko som sikrar at vi er oppdaterte og bidreg aktivt i viktige diskusjonar.

•  Vi held Nærings- og Fiskeridepartementet løypande informert om regelverksinitiativ og saker som utviklar seg i ECN-nettverket.

•  Arbeidet med utforminga av Digital Markets Act (DMA) er blant dei regelverksinitiativa som det har vore særleg viktig å følgje og rapportere på. DMA er ein EU-forordning som siktar mot å regulere store digitale plattformar for å fremje rettferdig konkurranse og verne om forbrukarar og mindre aktørar i digitale marknadar. Vi har delteke i møter knytt til DMA i ECN- og Efta-samanheng, og bidrege i ei interdepartemental arbeidsgruppe.

•  Vi har opprettheldt tett kontakt med Efta sitt overvakingsorgan ESA i ulike saker. I tillegg samarbeider tilsynet med dei andre Efta-land gjennom Efta Competition Network. I oktober møttest Konkurransedirektørane i Liechtenstein for å diskutere aktuelle saker.

•  For å handheve konkurransereglane effektivt, er det viktig med god dialog med andre konkurransemyndigheiter i Europa. I august fekk vi besøk frå Bundeswettbewerbsbehörde i Austerrike. I dette bilaterale møtet delte vi erfaringar om konkurransen i ulike marknader, inkludert drivstoff-, energi- og daglegvaremarknaden.

•  Konkurransetilsynet representerer Noreg i OECD sin Konkurransekomité. I tillegg til årsrapporten til OECD for 2022, bidrog vi med tre skriftlege innlegg om vurdering av kommunikasjon av konkurranseintervensjonar, algoritmisk konkurranse og optimal utforming og organisering av konkurransemyndigheiter.

•  Det nordiske samarbeidet på konkurranseområdet har utvikla seg gradvis frå det vart etablert i 1959. Det omfattar erfaringsutveksling i fleire nettverksgrupper og praktisk samarbeid. I 2023 møttest dei tekniske etterforskarane hos det finske konkurransetilsynet i Helsinki. Dei diskuterte blant anna sikring av data frå mobile einingar og frå skya. Vidare var Konkurransetilsynet vertskap for eit møte i ein nordisk nettverksgruppe som utvekslar erfaringar med innsamling og analyse av data frå offentlege innkjøp.

•  Det årlege møtet mellom dei nordiske konkurransemyndigheitene vart gjennomført på Marstrand, der kvar av dei nordiske tilsyna deltok med ein stor delegasjon. I den samanhengen organiserte Konkurransetilsynet eit møte i gruppa som arbeidde med ein ny nordisk rapport om konkurranse i arbeidsmarknaden. Vi deltok òg aktivt i dei andre temamøta om daglegvaremarknaden, algoritmar og midlertidige vedtak. Vidare har dei nordiske konkurransedirektørane hatt jamleg kontakt i løpet av året, mellom anna ved det årlege generaldirektørmøtet, som i år var på Island.

•  ICN er eit globalt nettverk for konkurransemyndigheiter. Saman med konkurransestyresmaktene i Canada, europeiske konkurransemyndigheiter, DG Comp og konkurransestyresmaktene i Mauritius leier tilsynet éi av arbeidsgruppene i ICN, ICN Merger Working Group. Vi har vore med å arrangere webinar om i) Non-horizontal theories of harm and competition analysis, ii) Remedies in digital mergers, og iii) Use of empirical analysis. Vi var òg ansvarlege for ein workshop for sjeføkonomar i nettverket i Bergen i mai. Årsmøtet i ICN vart arrangert i Barcelona. Her leia konkurransedirektøren eit panel som diskuterte utfordringar med fusjonar i digitale marknader. I tillegg var tilsynet ansvarleg for ein parallell sesjon som fokuserte på etterforskingsteknikkar i fusjonskontrollen.

Konkurransefagleg forsking inngår i kunnskapsgrunnlaget til Konkurransetilsynet og tilsynet er opptekne av å støtte forsking i Noreg innan fagfeltet. Sidan 2014 har tilsynet finansiert uavhengig forsking om konkurranseforhold og pris- og konkurransepolitiske verkemiddel. Dette har ikkje berre styrkt forskingsmiljøa innan konkurranseøkonomi og -rett, og bidrege til litteraturen, men òg gitt tilsynet tilgang til forskingsbasert kompetanse i metodar og marknader. Forskingsprosjekta har i nokre tilfelle levert uavhengig evaluering av tilsynet sine saker og analysert effekten av dei i relevante marknadar. Finansieringa har skjedd gjennom forvaltning av det alminnelege prisreguleringsfondet og gjennom tildeling av øyremerka midlar over budsjettet til Konkurransetilsynet. Dei siste utbetalingane i det alminnelege prisreguleringsfondet vart gjort i 2023 og ved årsskiftet vart fondet avslutta, men tilsynet har fått tilskot over budsjettet til å lyse ut forskingsmidlar også i 2024.

I 2023 dekka dei pågåande forskingsprosjekta tema som berekraft og konkurransereglane, kartellpolitikk i Norden, konkurransen i ulike marknader, og ex post-analyse av ei fusjonssak i telekom-sektoren. Fleire forskingsprosjekt vart avslutta med gode resultat. Nokre artiklar har vore eller er i ferd med å bli publiserte i anerkjende tidsskrift.

For å formidle forskingsresultata har Konkurransetilsynet publisert artiklar på heimesida og presentert resultatet av arbeid vi har støtta i interne og eksterne samanhengar. Ei detaljert oversikt over forskingsprosjekta i 2023 er tilgjengeleg i vedlegg 2, medan ei fullstendig oversikt over alle forskingsprosjekt og artiklar er tilgjengeleg på vår nettside.

Det vart i 2023 tildelt midlar på om lag to millionar kroner til to prosjekt som omhandlar mediemarknaden og konkurransen på digitale plattformar.

Konkurransetilsynet vart for 2024 tildelt om lag to millionar kroner i tilskot til konkurransefagleg forsking. Desse midla vil bli lyst ut i løpet av året. Nye prosjekt fremjar kunnskapsdeling mellom tilsynet og akademia. Vidare satsing på forsking og utgreiing bidreg til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for konkurransepolitikken og sikre effektiv handheving av konkurranselova.

Tildeling av prisar for beste masteroppgåver

Kvart år sidan 2004 har Konkurransetilsynet delt ut ein pris til beste masteroppgåve innanfor dei to fagområda konkurranseøkonomi og konkurranserett. Prisen er på 25 000 kroner for kvart område. Formålet med denne prisen er å auke studentane si interesse for konkurransepolitikk og utvikle nettverket mellom akademia og tilsynet.

I 2023 var det Øyvind Villanger frå Universitet i Bergen som vert tildelt prisen innan konkurranserett med oppgåva «Forholdet mellom art. 102 TEUV og Digital Markets Act – Om hvordan Digital Markets Act supplerer forbudet mot misbruk av dominans i art. 102 TEUV».

Her kan du lese oppgåva til vinnaren og lese om tidlegare prisvinnarar.